Hopp til innhold

Arealplanleggar

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Plan og analyse

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Arealplanleggar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Øygarden kommune skal vere ein aktiv samfunnsutviklar. Ønskjer du å bli ein del av eit team i ein kommune som er kjent for å vere framoverlent og utviklingsorientert? Trivst du i eit miljø med høge forventningar, spennande arbeidsoppgåver og i eit samfunn i stor utvikling, er kanskje dette stillinga for deg.  

Om eininga:

Eininga har 17 engasjerte tilsette med brei fagleg kompetanse. Eininga har både detaljreguleringar og overordna planar etter plan- og bygningslova i planporteføljen. I tillegg ligg geodata og utviklingsoppgåver til eininga. Oppgåvene våre er relatert til arbeidsoppgåver som skal styrke både kunnskaps- og plangrunnlaget for samfunnsutvikling i kommunen.

Eininga har i stor grad ei samordnande rolle og jobbar tverrfagleg med andre einingar og avdelingar i kommunen. Eininga har også eit utstrekt samarbeid med regionale og lokale utviklarar og samarbeidspartar.

Vi har fokus på å vera framoverretta i arbeidsoppgåvene våre og jobbar for heilskaplege løysingar som sikrar ei berekraftig forvaltning av kommunen sine verdiar og utviklingspotensiale. Gjennom arbeidet med arealdelen til kommuneplanen søkjar ein å oppnå meir kvalitet og berekraft i planlegginga av kommunen. Avdelinga er langt framme nasjonalt i utvikling av metode og prosess for planvask og næringsplanlegging.

Dei viktigaste oppgåvene for avdelinga dei kommande åra er arealdelen til kommuneplanen, sentrumsutvikling på Straume og legge til rette for ei grøn omstilling av næringslivet i kommunen.

 Arbeidsoppgåver:

  • Rettleia, koordinera og behandla private reguleringsplanar.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å utvikle fag- og kunnskapsgrunnlag relatert til planprosessane.
  • Prosjektdeltakar/leiar i offentlege arealplanar og tematiske delprosjekt, samarbeid og dialog med hovudfokus på sentrumsområda, næring og utviklingsprosjekt.

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Høgare utdanning innan fysisk planlegging, by- og regional planlegging, areal og eigedom, landskapsarkitektur, trafikkplanlegging, geografi, arkitektur eller ingeniørfag.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.  
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med oppgåver relatert til arealplanlegging frå offentleg eller privat verksemd
  • Mastergrad innan relevant fagområde
  • Relevante tilleggsutdanningar, t.d. innan  klimatilpassing, naturforvaltning, sentrumsutvikling, prosjektleiing, næringsutvikling, planjuss
  • Erfaring med bruk av GIS programvare eller andre digitale programvarer, knytt til utarbeiding og framstilling av plan og analyse
  • Erfaring med formidling
  • Erfaring med prosjektleiing
Personlege eigenskapar:
  • Samfunnsengasjert
  • Løysingsorientert
  • Vera strukturert og sjølvstendig
  • Evna til raskt å setja seg inn i nye oppgåver

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • 100 % fast stilling, arbeidsstad er på Straume med høve til fleksibel arbeidstid og heimekontorløysing
  • Løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontakt:

Einingsleiar plan

Lena Svalastog Garnes

Epost: lena.garnes@oygarden.kommune.no

Telefon: 56 16 01 88

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Lena Svalastog Garnes

+47 56 16 01 88

Lena.Garnes@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

945e3198-2dbe-481c-8376-f042c1de5056

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3613405_198581_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser