Erfaren prosjektkoordinator til historisk hending
Fjordhagen As
Grandegata 48, 6210 Valldal, Hybridkontor
Om jobben
Er du ein motivert og erfaren prosjektkoordinator som ønsker å delta i planlegging av ei historisk hending? Vi søker deg som vil bidra inn mot Nasjonaljubileum "Valldal 2029"
Stillingstittel
Prosjektkoordinator økonomi og samfunnsvitenskap, offentlig administrasjon
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er:
Proaktiv, løysingsorientert, og med stor gjennomføringsevne
Kreativ og initiativrik, med evne til å tenke utanfor boksen
Ein god lagspelar med godt humør
Engasjert i tema og ivrig etter å skape eit flott nasjonaljubileum
Andre kvalifikasjonar:
Høgare utdanning innan kultur eller administrasjon, men relevant yrkeserfaring og realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
Erfaring frå prosjektleiing, gjerne innanfor kulturfeltet, jubileum eller større arrangement
Evne til å jobbe sjølvstendig, organisert og med fleire oppgåver samtidig
Sterk kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg, på (ny)norsk og engelsk
Arbeidsoppgaver
Som prosjektkoordinator vil du få oppgåver som planlegging, koordinering og gjennomføring av aktivitetar, nettverksbygging, søknadsskriving, samarbeid med eksterne aktørar, lokale organisasjonar og frivillige. Du vil inngå i team med prosjektleiar og saman skal vi levere og rapportere til styringsgruppa og prosjekteigarar. Du skal:
Bygge og vedlikehalde samarbeid og nettverk med lokale aktørar, sponsorar, kulturorganisasjonar, myndigheiter og frivillige
Produsere og levere innhald i samsvar med handlingsplanar og strategiar
Arrangere møteplassar og konferansar
Utarbeide søknadar og budsjett
Identifisere moglegheiter for berekraftige løysingar og innovative tilnærmingar for feiringa
Vi tilbyr
Ei spanande og utfordrande rolle i eit viktig nasjonalt prosjekt
Høve til å jobbe med eit dedikert og engasjert team
Fleksibel arbeidstid
Eit inkluderande arbeidsmiljø med stort fokus på samarbeid og utvikling
Løn etter avtale
Om bedriften
Fjordhagen AS er eit utviklingsselskap som hjelper med oppstart og vidareutvikling av bedrifter. Vi tek også på oss nærings- og samfunnsutviklingsprosjekt. Vi er hoppid.no-kontor for Fjord kommune, og node under Nordveggen AS i SIVA sitt næringshageprogram. Fjordhagen AS driftar også Fjord næringsforum, eit samarbeidsforum for nettverksbygging og utviklingsoppgåver. Vi har kontor i næringshagen i Valldal.
Fjordhagen AS søker ein dyktig prosjektkoordinator til planlegging av Nasjonaljubileum i 2029. Dette er eit unikt høve til å spele ei sentral rolle i feiringa av 1000-års markeringa for Norge. Med utgangspunkt i historia er tema i jubileumsstafetten 2029 <<Olav i folketradisjon>>. Det opnar for mange spørsmål med relevans for fortid, notid og framtid.
Fjordhagen AS har fått prosjektoppdraget på vegne av Fjord kommune, og stillinga er førebels eit 40% prosjekt-engasjement med høve til forlenging og utviding av stillingsprosent fram til 2029.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860364
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9430c014-edf8-45bb-91b5-915657b019af