Brukerstyrt personlig assistent
Midt-Telemark kommune
Gamleveg 134, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
- Brukerstyrt personlig assistent - fast
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. januar
Brukerstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ organisering av praktisk og personleg bistand for menneskje med ulike funksjonsvariasjonar, der ein gir assistanse i og utanfor heimen. Målet er at brukaren får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv, til tross for funksjonsvariasjonen.
Er du ein som er glad i menneskje, og som har evne til å sjå andre for den dei er? Kan du like tanken på å vere ein som bidreg til mestring og glede? Vil du trivast med ein jobb der du ikkje jobbar tett med andre kollega, men må stole på deg sjølv og egne ferdigheter? Da er du kanskje den eg søkar etter! Eg treng ein assistent som jobbar kvar fjerde helg, og ettermiddagar og kveldar ellers i uka. Eg ønskjer ein kvinnelig assistent.
Litt om meg: eg er ei ung dame på 33 år som har Downs syndrom. Eg har egen bil, leilighet og fast jobb. Når eg ikkje er på jobb likar eg å vere på data, strikke, trene og måle. Ellers er eg glad i å gå på tur og drive med stolpejakt. Eg har ein tandemsykkel som eg er glad i å ta en tur med. På vinteren kan eg gå på ski eller kose meg inne og sjå ein god film. Eg er glad i å vere i lag med andre. Eg ønsker meg ein assistent som eg kan trivast sammen med. Ein som kan hjelpe meg med kvardagslege gjeremål. Ein som kan være med meg på fritidsaktivitetar og bistå meg med mine helseutfordringer, og som snakkar godt norsk slik at vi kan forstå kvarandre godt. Det vil også vere viktig for meg at den eg velgjer kan sjå mine utfordringer, og dermed kunne gi meg rett hjelp. Personlege eigenskapar blir det som avgjer kven som velgast.
Arbeidsoppgåver
- Bistå med matlaging
- Bistå med husarbeid
- Bistå med hygiene
- Bistå med innkjøp
- Følge til helsekonsultasjoner
- Samarbeid med arbeidsleder og andre parter
- Bistå i fritidsaktiviteter
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse- Det er ønskelig med helsefagarbeider/barne- og omsorgsarbeider, eventuelt annen relevant utdanning.
- Erfaring fra liknande arbeid og personlege eigenskapar vil kunne kompensere for ønska utdanningsbakgrunn.
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
- Bestått test i norsk muntleg og skriftleg på minimum nivå B1
Personlege eigenskapar
- Engasjert og trygg
- Tolmodig og løsningsorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Må kunne jobbe sjølvstendig
- Fleksibel ifht arbeidstid
- Godt humør og en positiv innstilling
- Kreativ og intiativrik
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Erikstein, Arbeidsleiar, +47 948 40 622Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5059846844
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 26.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Erikstein
Arbeidsleiar
+47 948 40 622
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
942913c3-814d-43f8-a0d3-b1de8c0e5386
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8e956caed0bd4a37b3a805dac3e29895
Lignende annonser
Deltidsstillinger/Vikarer - høsten 2025
Arbeidsgiver
Notodden kommune Tjenesten for funksjonshemmede
Sted
Notodden
Deltidsstillinger/vikarer - høsten 2025
Arbeidsgiver
Notodden kommune Hjemmebaserte tjenester
Sted
Notodden
Vaktmester
Arbeidsgiver
Vi Hjelper Deg Caray Jakovesi
Sted
Drammen, Buskerud, Oslo, Telemark, Holmestrand, Horten, Tønsberg, Vestfold, Østfold