Helsesekretær og sekretær til faste stillingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige faste stillingar for Helsesekretærar og sekretærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
11
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig 100% fast stilling ved desse avdelingane:
- Barne- og ungdomsklinikken
- Klinikk for hovud/hals, Øyre-nase-hals poliklinikk
- Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU Spesialpoliklinikken. Her vil stillinga vere 100% fast i Bemanningssenteret og i perioden 01.05.2025 til 30.05.2026 vil ein ha 40% av stillinga ved PBU Spesialpoliklinikken
- Kirurgisk Klinikk, Avdeling for karkirurgi
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ivaretar barn og unge med akutte og kroniske sjukdommar til dei er 18 år. BUK er regionsjukehus på Vestlandet og er leiande i behandling av barnesjukdommar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling, og ivaretar både lokale, regionale og nasjonale oppgåver innanfor pediatri.
Pt 2 delt turnus
Kontakt: Sissel Iversen, Tlf. 40833399
Klinikk for hovud/hals: Øyre-nase-hals (ØNH) poliklinikk kontor inngår i Klinikk for Hovud-hals. Poliklinikken er organisert som ein eigen eining og blir drive i tett samarbeid med Dagkirurgisk eining og Klinikkens sengepost Hovud/hals og Auge, samt høyresentralen. Kontorgruppa har 21,8 årsverk , med for tida 23 tilsette. Drifta har høy aktivitet med nær 44000 pasientkonsultasjoner igjennom per år. Oppgavedeling som kan bli aktuelt er; logistikk innan lager/pakking - prekirurgisk klargjering av pasientar- Lekeaudiometri. Pt dagarbeid.
Kontakt: Veronica Zachariassen, Tlf. 93629269
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, PBU spesialpoiklinikken har 7 allmenne poliklinikkar. Dei enkelte poliklinikkane er geografisk plassert og dekker alle kommunar i Helse Bergen sitt opptaksområde. PBU har ca. 370 årsverk; psykologar/spesialistar, legar/spesialistar og miljøterapeutar (vernepleiar, sjukepleiar m.m). I Glasblokkene er følgande einingar; Akuttpost, Ungdomspost, Barnepost, Spesialpoliklinikken og Ambulante tenester. Ca. 95% av behandlinga føregår poliklinisk.
Pt dagarbeid.
Kontakt: Veslemøy Sandvik, Tlf. 55974453
Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi har pasientar med sjukdommar i blodårene (pulsårer og vener) undersøkt og behandla. Ofte dreier det seg om trange og tette pulsårer (åreforkalking) eller utviding av pulsårene (aneurisme). Typiske tilstandar som blir behandla hos oss er sjukdom i hovudpulsåra, halspulsårer og pulsårer til beina. Vi behandlar blodåresjukdom i alle område utanom hjartet. Avdelinga behandlar også pasientar med sjukdom i venene. Pt dagarbeid.
Kontakt: Janeth Marie Rasmussen, Tlf. 55972965 eller Petra Dahl, Tlf. 55972754
Augeavdelinga tilbyr utgreiing og behandling av ulike augesjukdommar og skadar hos barn og vaksne. I Augebygget finn du poliklinikk, operasjon, dagkirurgi og vakteining for øyeblikkelig hjelp (ØH). Sengepost for augepasientar er i Sentralblokka 5.etg, i lag med Hovude-hals og kjeve. Pt dagarbeid.
Kontakt: Jeanett Jensen, Tlf. 47463822
Kvalifikasjonar (overskrift)
Dokumentasjonsavdelinga, seksjon for medisinsk dokumentasjon Mottaksklinikken ivaretar merkantile funksjonar i Mottaksklinikken, mellom anna ved å registrere øyeblikkelig hjelp (ØH) pasientane i pasientjournalsystemet DIPS, handtering av telefonhenvendingar, skanneoppgåver og andre administrative oppgåver. Vi bemannar resepsjonen i Akuttmottak og ivaretar postsekretærfunksjonar på Korttidsposten samt Utgreiingsmottaket (UMO1 og UMO2). Vi tar blodprøvar og andre vitale parametre av pasientar i Akuttmottak. Sekretariatet er med i avdelinga si beredskap ved større ulykker. Det er oppgåvedeling i teamet og ein må pårekne rullering av oppgåver.
Pt 3 delt turnus.
Kontakt: Nina Ivarsflaten, Tlf. 93629725
Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne. Vi er lokaliserte på Danmarksplass i Bergen. Vil tilbyr gode og trygge tenester til innbyggjarane i bydelane Bergenhus, Ytrebygda og Årstad i Bergen. Kronstad kontorseksjon har 11 årsverk og tilbyr kontorfaglege tenester til heile DPS'et. Vi er ein travel seksjon med mange og varierte oppgåver opp mot dei einskilde seksjonane. Pt dagarbeid.
Kontakt: Torhild Hustrulid, Tlf. 97565931, Stig-Arthur Didriksen, 97951855
- Koordinering og planlegging
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
- Leiarstøtte
- Blodprøvetaking og triagering i Mottaksklinikken
- Pasientnære oppgåver
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeSigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, sigrun.evensen.hoem@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4951983482
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2914651
- Hentet fra
talentech
- Referanse
94e0faa9b30546949fbfd5dee8d6d378