Ledig lærarvikariat 80%
Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Om jobben
Stillingstittel
Lærer
Oppstart
30. oktober 2023
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Ved Kyrkjebygda oppvekstsenter er det ledig eit lærarvikariat på 80 % frå og med 30. oktober til ut skuleåret 2023-2024 -- id 2023/1153
Vikariatet kan kome til å verte fordelt mellom fleire tilsette.Undervisningskompetanse på barnetrinnet innanfor fleire fag er ønskjeleg. Særleg fagønskje er mat og helse og kunst og handverk.
Oppgåver:
- Oppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faget, samt å vurdere elevane si faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar.
- Jobben som lærar handlar i stor grad om å samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog og samarbeid med føresette gjennom heile skuleåret.
- Jobben handlar om å samarbeide godt med leiinga ved skulen og vere tru mot denne og sine kollegaer.
Krav til den tilsette:
- Det er krav om lærarutdanning, og ønskje kompetanse innan dei ulike fagretningane.
- Fagutdanning i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning(PPU) er og mogleg.
- Det er ønskeleg med erfaring innan dei ulike fagretningane.
I tillegg vil vi vektlegge:
- Relasjonskompetanse, god klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
- Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Nærare opplysningar om stillingane ved Kyrkjebygda oppvekstsenter får du ved å kontakte rektor Even Holskar, tlf. 47301017 eller på e-post til even.holskar@nissedal.kommune.no
Anna
- Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
- Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Om bedriften
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane er organisert med kvar sin rektor. Skulane i Nissedal er oppteke av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og kunnskap. Skulane jobbar målretta for å førebygge mobbing, og førebu elevane til vidare studie og arbeid, og er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2445485
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9416a07c-56ad-44ec-aa2a-d5e087023e44