Ledig pedagogstilling på Vågsøy ungdomsskole
Kinn kommune
Gate 5 96, 6700 Måløy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vågsøy ungdomsskole er ein ungdomsskole med 235 elevar og tre parallellar på alle trinn. Skulen var ny i januar 2018.
Vi har ledig fast pedagogstilling frå 1. august 2025.
Menn vert oppfordra til å søke.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på ungdomstrinnet med vekt på inkluderande klassefellesskap.
Kontaktlæraroppgåver kan ligge til stillinga.Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse på ungdomstrinnet innafor fagområda norsk og/eller engelsk og teiknspråk. Det er òg sterkt ynskjeleg med kompetanse innanfor kroppsøving.
- Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet.
- Evne til å vere ein god klasseleiar.
- Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer.
- Evne til å kunne samarbeide og vilje til å dele.
- Evne til å ta initiativ og til å bruke handlingsrommet innafor lovverket og skulen sine reglar.
- Endrings - og utviklingsorientert.
- Evne til å inspirere og motivere.
Det er ønskjeleg at søkjar fyller krav til kompetanse for undervisning etter ny kompetanseforskrift.
Relevant praksis og erfaring.
Søkarane bør også kunne ivareta andre fag i tillegg til dei nemnde fagønska. Det er forventa at søkarar har god IT-kompetanse.
Personlege eigenskapar
Vi leitar etter deg som har engasjement til å skape gode faglege og sosiale lærings- og utviklingsvilkår for barn og ungdom. Du er oppteken av di eiga læring og utvikling, og trivst i eit miljø som gjev deg høve til dette. Du vil vere med på å utvikle god klasseleiing med inkludering som hovedfokus, bruk av teknologi i læring og god vurderingspraksis.
Du er god på samarbeid og klasseleiiing.
Vi tilbyr
Løn etter tariff og lokalt kompetanselønssystem. Kinn kommune har kontaktlærargodtgjersle for dei som har den funksjonen. Pensjonsordning i SPK.
Vi er med i lokalt og regionalt nettverksarbeid .
Kontaktinformasjon
Kåre Bakke, Rektor, +47 91384522Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4964297850
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930948
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3d903b222eb246d5b762eb4479dd60ad