Vil du bli vår nye matros?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv63 90, 6215 Eidsdal, Fv63, 6210 Valldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros i sambandet Eidsdal-Linge, p.t. MF Norddalsfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. desember
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Eidsdal - Linge, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Norddalsfjord. Søkjer må ha papirer/fartstid til å gå som matros, og mestre nordisk språk.Kvifor velje oss?Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande oppgaver/utfrodringar.
- Fleksibel skiftordning: Døgnvakter - 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Fagbrev matros, eller nok fartstid til å mønstre matros
- Ferdigheitssertifikat HMOB
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Mestring av Nordiske språk.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: Døgnvakter - 2 veker på, og 2 veker av.
Kontaktinformasjon
Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 479 04 789, solveig.bjornvold@fjord1.no
Arbeidsstad
Fv63 90
6215 Eidsdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4888037444
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2795690
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa716b66822f43d8ba9e32a2b2693e78