Overlege
Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege
Oppstart
15. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. august
Mikrobiologisk avdeling ved Førde Sentralsjukehus har frå hausten 2025 ledig 100% vikariat som overlege. Snarleg tiltreding eller etter avtale.
Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i medisinsk klinikk og leverer laboratorietenester innan bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til heile Sogn og Fjordane. Vi mottek, analyserer og gjev ut svar på prøver til avdelingar i Helse Førde, eksterne legekontor og kommunale institusjonar. Fag og teknologi utviklar seg raskt, spesielt innan molekylærbiologi. Her har fleire analysar vore etablert siste åra - og i 2025 vart laboratoriearealet til molekylærbiologi utvida.
Mikrobiologisk avdeling har fokus på kvalitet og er akkreditert etter standard for medisinske laboratorium NS-EN ISO 15189. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med 27 tilsette og det er tett samarbeid mellom legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar.
Vi har regionalt samarbeid med dei mikrobiologiske avdelingane ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Bergen – som alle nyttar same laboratoriedatasystemet; Unilab700. Vidare er avdelinga også del av lokalt laboratorieprosjekt i Helse Førde, samt prosjektarbeid knytt til Nye Førde Sjukehus der ein jobbar med vidare modernisering innan bygg og instrumentpark.
Den tilsette får arbeidsoppgåver innan heile det mikrobiologiske feltet og har dagtidsjobb måndag – fredag 08:00 – 16:00. Stillinga inngår i overlegane si vaktordning laurdagar og heilagdagar.
Viser elles til Helse Førde sine sider for meir informasjon om avdelinga: Mikrobiologisk avdeling - Helse Førde HF
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk vurdering og godkjenning av mikrobiologiske prøvesvar
- Deltaking i kvalitetsarbeid og utvikling
- Rådgjeving til rekvirentar og tilsette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Arbeidserfaring innan medisinsk mikrobiologisk
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg, og søkjarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet og evne til å tileigne seg ny kunnskap
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjon
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Kompetente kollegaer i tverrfagleg miljø
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, +47 95923340Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4998068557
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.09.2025
Sluttdato: 27.09.2026
Søknadsfrist: 15.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristina Apalseth Kalland
Avdelingssjef
+47 95923340
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
93fd995a-59bc-43fc-91d7-268792c2ee30
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ecce0a49e4244b097317bd407809bcf