Hopp til innhold

Vi søkjer etter miljøterapeutar og miljøarbeidarar til fast helgestilling

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Bufellesskap

Sted

Vågå

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Miljøarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid 26%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, lørdag og søndag

Søk på jobben

Søk senest torsdag 11. juni

Til brukar søkjar vi nå miljøterapeutar og miljøarbeidere til ei engasjert og motivert personalgruppe som utførar målretta miljøarbeid. Gruppa har ein foreinleg praksis og arbeider etter rettleiing frå tenesta og habiliteringstenesta. I lag skal vi arbeide for ein best mogleg kvardag for brukaren.

I nokre av stillingane er det team kring brukar med 2 til 1 bemanning. Stillingsstorleik

16% -- 35% ut i frå vaktlengde.

Turnus

Arbeidstid vil være på dag/kveld på helg (frå fredag ettermiddag). Val mellom 6,25 -- 7,5 timers vakter 3. kvar helg eller langvakter 12,5 timar 4. kvar helg. Vi er oppteke av å ha ei stabil og motivert gruppe som arbeider for ein best mogleg kvardag for brukarene.

Oppstart

Fortløpande.

Generelle arbeidsoppgåver:
  • Målretta miljøarbeid med vekt på meistring og utvikling.

  • Samarbeid både internt og med eksterne samarbeidspartnarar og spesialisthelsetenesta

  • Medikamenthandtering

  • Aktiv i arbeid med HOL kap. 9 (Tvang og makt)

Kvalifikasjonar:
  • Relevant utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Relevant erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlige eigenskapar:
  • Du er trygg på deg sjølv

  • Du har gode kommunikasjonsferdigheter ved å være imøtekommande, tydeleg og tålmodig.

  • Du er støttande, empatisk og uthaldande.

  • Du er god til å førebygge og handtere konfliktar - beheld roen i utfordrande situasjonar.

  • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.

  • Du har fokus på kompetanse og kvalitet, og er lojal til beslutningar som er tatt.

  • Du liker fysisk aktivitet og friluftsliv.


Personlege eigenskapar blir tillagt avgjerande vekt.

Kvifor bør du melde di interesse?
  • Spennande, utfordrande og lærerikt arbeid der du som person kan bidra til å gjere ein stor forskjell for brukaren.

  • Rettleiing frå tenesta samt habilliteringstenesta.

  • Månadlege teammøter.

  • Fast stilling med tilhøyrande rettigheiter

  • Lønn etter tariff, i tillegg årleg kompensasjon for fast arbeid med 2:1 bemanning

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP.

  • Moglegheit for kompetanseheving


Søknadsfrist: 11.06.26

Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfald
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje -- uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.

Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. Offentleglova §25.

Kontaktperson for stillingen

Marion Holen

Konstituert avdelingsleiar

48857304

marion.holen@vaga.kommune.no

Om bedriften

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

93f6515e-ec89-4614-a5de-5486fd9d34d1

Sist endret

2. juni 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

93f6515e-ec89-4614-a5de-5486fd9d34d1

Lignende annonser

Laster lignende annonser