Bidra i det viktige digitaliseringsarbeidet!
Gol kommune IKT Hallingdal
Gamlevegen 4, 3550 Gol, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
IKT Hallingdal søkjer digitaliseringsrådgjevar for oppvekst- og kultursektoren
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. juli
Vi søkjer ein engasjert og strukturert digitaliseringsrådgjevar for oppvekst- og kultursektoren som vil vere med på å utvikle og forbetre dei digitale tenestene i Hallingdalskommunane. Stillinga er 100 % fast med oppstart 01. august, eller etter avtale.
Som digitaliseringsrådgjevar er du del av digitaliserings- og innovasjonsteamet i Hallingdal. Dette teamet bidreg til å finne gode løysingar på digitale behov ute i tenestene i regionen. Vi jobbar tett med leiargrupper, faggrupper og andre regionale samarbeid for å bidra til den digitale tenesteutviklinga, i tråd med digitaliseringsstrategien til Hallingdalskommunane. Teamet vårt fungerer som eit bindeledd mellom kommunale samarbeidspartnarar, leverandørar og IKT Hallingdal, for å sikre best mogleg løysingar, basert på tenestene sine behov. Som digitaliseringsrådgjevar for oppvekst- og kultursektoren vil du ha særskilt fokus på administrativ og pedagogisk programvare innanfor dette domenet. Har du erfaring og god forståing herfrå, er det deg vi ser etter.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna:
- Inngå i team med leiar for digitalisering og innovasjon og regionen sine digitaliseringsrådgjevarar
- Bidra i regionale faggrupper innanfor eigne ansvarsområde, og regionale prosjekt innanfor digitalisering
- Forvalte og prioritere eiga portefølje i samråd med leiar
- Følgje opp kontraktar og leverandørar innan eigne ansvarsområde
- Skaffe, tilpasse og følgje opp nye programmodular og funksjonar
- Utføre prosjekt- og dokumentasjonsarbeid
- Standardisere tenestetilbod og identifisere synergiar på tvers av regionen
- Hjelpe tenestene med å vidareutvikle digitale ferdigheiter ved bruk av systemporteføljen
- Sikre godt samspel mellom kommunar, leverandørar og IKT Hallingdal
Kvalifikasjonar
Formelle krav:
- Høgskule- eller universitetsutdanning innan pedagogikk er føretrekt
- Utdanning innan IKT, økonomi eller administrasjon kan vurderast
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Kjennskap til kommunal forvaltning, særleg innan oppvekstsektoren
- Utdanning eller erfaring med prosjektleiing
- Gjerne noko leiarerfaring
- Erfaring med digitale system i oppvekst- og kultursektoren
- Forståing for tekniske system og integrasjonar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Jobbar strukturert og løysingsorientert
- Har evne til å koordinere, ta ansvar og vere ein pådrivar – både sjølvstendig og i team
- Er operativ og har god oversikt over fleire samtidige oppgåver
- Forstår samspelet mellom organisasjon, menneske og teknologi
- Eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø med utviklingsmoglegheiter
- Fagleg rettleiing og moglegheit for vidareutdanning
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn og tilsetjing i samsvar med arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og Hovudtariffavtale
- Personlege eigenskapar og erfaring vil bli vektlagt
- Gol kommune er vertskommune for stillinga
- Moglegheit for heimekontor etter avtale
- Reiseverksemd og fysisk tilstadevering i Hallingdalskommunane må påreknast
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
93dcd3b1-7b95-4b76-8254-f4bbfa68f40b
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3516327_176487_nn