Familieterapeut
Familievernkontoret for Bergen og omland, Bufetat
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Familieterapeut
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. desember
Ei av våre ansatte skal ut i mammaperm i mars 2026, og vi har derfor ledig eit års vikariat i 100 % for deg som er utdanna familieterapeut og som gjerne har noko erfaring med relasjonelt arbeid med par og familiar. Det kan bli aktuelt med to vikariat i 100 % i same periode på grunn av mulige reduserte stillingar.
Du vil bli inkludert i eit spennande fagmiljø der vi er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag, og av utvikling av kompetanse.
Bergen og omland familiekontor har lokasjonar i Bergen, på Stord, og i Odda, med utekontor på Voss og Husnes. Arbeidstad for stillinga er Bergen.
Kontora har til saman omlag 40 ansatte med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar, og ansatte med kontorfagleg kompetanse.
Familievernet gir tilbod til familiar, par og barn som sjølv oppsøker tenesta med ulike typar relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie og parterapi, grupper, kurs, mekling, tilsyn v/samvær og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman.
Familievernet utførar lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe
dei til å finne gode løysingar for barn etter samlivsbrot.
Familievernet er i utvikling, og eit av satsingsområda er å auke barn si medverknad i eige liv gjennom
familievernets tenestetilbod.
I familievernet samarbeidar vi med andre instansar i kommunen og i rettsapparatet.
Arbeidsoppgåver
I familievernet vil du arbeide med:- Terapi og rådgjeving for familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskar.
- Foreldrerettleiing.
- Å auke barns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med barn/ungdom.
- Arbeid med mekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelova.
- Samvær med tilsyn.
- Kurs og grupper.
- Utadretta og førebuende arbeid.
- Intern fagutvikling i samarbeid med kollegaer.
- Administrative/andre oppgåvar knytta til drift av kontoret.
Kvalifikasjonar
Krav til stillingane:- Utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller sjukepleiar med vidareutdanning med 60 stp i familieterapi.
- Relevant arbeidserfaring med barn, ungdom og familiar etter utdanninga.
- Gode kliniske ferdigheitar.
- Gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- God evne til kontakt med andre.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:- Evne til å møte menneske i vanskelege livssituasjonar på ei respektfull, trygg og ivaretakande måte.
- Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team.
- Evne til å setje mål og struktur i arbeidet ditt.
- God arbeidskapasitet.
- Evne til fleksibilitet.
- Interesse for og evne til å møte faglege utfordringar.
For oss er det og svært viktig korleis du som person egnar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga med tanke på samansetjing av personalgruppa.
Vi oppmodar menn til å søkje då vi ønskjer balanse i kjønnsmessig samansetjing av gruppa vår.
Vi tilbyr:
Stillinga som familieterapeut er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog eller 1364 seniorrådgjevar, med løn frå kr 650 000 til kr 712 000 pr. år.
Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn verta vurdert.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
Mulegheit til å trene ein time pr. veke i arbeidstida.
Fleksibel arbeidstid innafor bestemte rammer.
Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø.
Gode muligheiter for kurs- og kompetansehevingsprogrammer.
Informasjon til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bergen og omland familievernkontor.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.
For å bli vurdert som søkar, må du legga ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Alice Tunestveit, Leder, 466 18 902Arbeidssted
Solheimsgaten 135058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5042400862
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 26.02.2027
Søknadsfrist: 03.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Alice Tunestveit
Leder
466 18 902
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
93d9190f-9b30-48c8-8aaf-1bdaed2eee3b
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fc307adf24584868916cd5f57c4844da
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bergen akuttsenter. avd. Toppe, Bufetat
Sted
Mjølkeråen
Miljøterapeut/sosionom/ pedagog Familieambulatoriet
Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Sosiale botjenester, Bergen kommune
Sted
Søreidgrend