Tannlege
IDI - Odda tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Røldalsvegen, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. april
Vestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig 100% stilling som tannlege med oppstart 1.8.25. Tenestestad er for tida ved Odda og Lofthus tannklinikk. Odda tannklinikk er ein klinikk for 3 tannleger og 2 tannpleiere. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgaver. Odda tannklinikk flytter inn i heilt nye lokaler i april.25
Odda er en by og administrasjonssenter i Ullensvang kommune i Vestland fylke i Norge. Byen ligger innerst i Sørfjorden i Hardanger, og har 4 764 innbyggere per 1. januar 2023. Odda var administrasjonssenter i Odda kommune, som 1. januar 2020 ble slått sammen med Jondal og Ullensvang til nye Ullensvang kommune.
Industriarven i Odda-Tyssedal ble i 2009 oppført på Norges tentative liste til UNESCOs verdensarvliste, sammen med Rjukan–Notodden industriarv.
Frå Odda kan man bestige fjellet Trolltunga, ta ein padletur på Hardangerfjorden og ikkje minst smake ekte Hardangersider.
Odda har også eige sjukehus og ein campingplass med eige Stavkyrkje
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege. (oppgi HPR-nummer)Søkjaren må beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Likar å jobbe med menneske og set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til god arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga
Vi tilbyr
Vi tilbyr løn etter avtale med ei minstelønn på 640 000 + rekrutteringstillegg kr 50 000,-. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningarAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på ei slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Linda Stadheim Valland, klinikkleiar (tannlege), 45485176Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4956228592
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Margareth Simonsen Råen
områdeleiar tannhelse
99021332
Linda Stadheim Valland
klinikkleiar (tannlege)
45485176
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919580
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c3262890ff474c64ac2eb0067fdeefc4