Bygg- og eigedomssjef
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger
Om jobben
Stillingstittel
Bygg- og eigedomssjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. mars
Helse Vest er ein innovativ og nytenkjande organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. No ser vi etter ein dyktig medarbeidar som ønskjer å bidra i utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet.
Eigaravdelinga handterer oppgåver knytta til eigarstyring, plan- og strategiarbeid, innovasjon, samfunnsansvar, bygg og eigedom og kjøp av helsetenester.
Helseføretaka i Helse Vest eig og forvaltar eigedomar opp mot 1 million m2 fordelt på fire helseføretak. Eigedomane representerer store verdiar og er viktige for den daglege drifta. Det er dei underliggjande helseføretaka som eig og forvaltar eigedomana, men utvikling av eigedomsområdet skal vere basert på høg grad av regional samordning og koordinering.
Det er viktig for stillinga at du ønskjer å bidra i eit miljø med høge krav til leveransar og fristar, og at du likar å jobbe i team, dele kunnskap og støtte kollegaene dine på vegen til måla i avdelinga. Du likar også eit miljø der det er mange varierte oppgåver.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigste arbeidsoppgåvene vil vere å:
- ha ansvaret for overordna styring og strategiske føringar for eigedomsverksemda
- koordinere og vareta Helse Vest si rolle knytt til investeringsprosjekta i helseføretaka
- gjere byggfaglege vurderingar av byggeprosjekt i regionen
- koordinere felles aktivitetar for føretaksgruppa innanfor forvaltning, drift og vedlikehald og utvikling av eigedomane i Helse Vest
- leie regionalt eigedomsutval
- delta i nasjonale og regionale prosjekt, medrekna nasjonale prosessar knytta til oppbygging av kunnskap og erfaringsoverføring innanfor bygg- og eigedomsområdet
Kvalifikasjonar
Du har:
- universitets- eller høgskuleutdanning innanfor relevante fagområde
- relevant arbeidserfaring, til dømes frå prosjektleiing frå større byggeprosjekt
- erfaring frå eigedomsforvaltning
- kjennskap til offentleg saksbehandling
- god formidlingsevne på nynorsk og bokmål, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du er:
- god på å handtere komplekse problemstillingar raskt
- analytisk, systematisk og har ein heilskapleg tilnærming
- strukturert, sjølvstendig og resultatorientert
- god på å samarbeide og kommunisere
Vi tilbyr
- ansvar for sjølvstendige oppgåver og deltaking i viktige prosjekt i helsetenesta
- godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer, og aktive og interessante fagmiljø
- gode pensjons-, bank- og forsikringsordningar og moglegheit for lån i KLP
- løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ivar Eriksen, Eigar direktør, 41533814Arbeidsstad
Knud Holms gate 84005 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 4923999113
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Ivar Eriksen
Eigar direktør
41533814
Om bedriften
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864296
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de95712a95984c41a74208f46e48b9af