Vikariat - rådgjevar
INV - Forvaltning, utgreiing og geodata, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Storehagen 1B, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat - rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar, der ein tilpassar infrastruktur til eit klima i endring, reduserer utslepp og tek vare på naturmangfald. Avdeling for infrastruktur og veg arbeider for trygge kvardagsvegar. Vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Kvardagsvegane er viktige vegar som bind menneske og lokalsamfunn saman.
Vi har no eit ledig vikariat då ein av våre medarbeidarar skal inn i ei 3-årig prosjektstilling i ei anna avdeling i fylkeskommunen. Stillinga vert lagt til seksjonen Berekraft som er ein del av avdeling for Vegforvaltning.
Vi søker ein motivert, fleksibel og sjølvstendig kollega som kan bidra inn i arbeidet med berekraftige og trygge kvardagvegar i Vestland.Arbeidsoppgåver
- Bidra inn i klima, miljø og berekraftsarbeidet på avdelinga
- Støtte vegprosjekta på avdelinga med klima og miljøkrav i ulike fasar (reguleringsplan, anskaffing, utbygging, drift og vedlikehald)
- Skrive politiske saker
- Utarbeide faglege kunnskapsgrunnlag og strategiar
- Vere i dialog med andre avdelingar i VLFK, andre fylkeskommunar, vegeigarar og forskingsmiljø
- Bidra inn i arbeidet med å søke om, og følgje opp tilskotsmidlar til blant anna forsking og utvikling for fylkesvegane
Kvalifikasjonar
- klima- og miljøkrav i anskaffingar
- veg og/eller samferdsel
- offentelg forvaltning
- utarbeiding av politiske saker
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein kollega med høge etiske standardar og som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode. Du trivst med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer. Stillinga krev samfunnsinteresse og sterke analytiske evner. Det er viktig at du er ein god formidlar, både munnleg og skriftleg, og kan bruke digitale flater. Vi ønskjer at du er initiativrik, har pågangsmot og gjennomføringskraft.
Vil du vite meir om stillinga er du velkommen til å ta kontakt med leiar Jorunn-Elisabeth Stavø på telefon 91158773 eller på e-post jorunn-elisabeth.stavo@vlfk.no.Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
- Engasjerande og sterkt fagmiljø.
- Fagsamlingar og sosiale arrangement.
- Fleksibel arbeidstid og sommartid.
- Mogelegheit for heimekontor etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Løn etter avtale.
Anna informasjon
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vikariatet har ein varigheit frå tilsetjingsdato og fram til og med 31.mars 2028.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
- Stillingstittel vert tilpassa utdanningsnivå og erfaring.
- Arbeidsstad kan vere Bergen, Leikanger eller Førde.
Kontaktinformasjon
Jorunn-Elisabeth Stavø, Seksjonsleiar, 91158773, jorunn-elisabeth.stavo@vlfk.noArbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4955937173
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2925172
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d09270f8d8c74f42a8a02c183fdebbff