Ressurskoordinator - Vil du vere med å byggje opp noko heilt nytt?
Bemanningssenteret
Karmsundgata 51, 5529 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Ressurskoordinator
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. desember
🌟 Sjå hit!
Vi søkjer deg som er strukturert og serviceinnstilt til ei nyoppretta prosjektstilling.
💼 Om stillinga
Som ressurskoordinator får du ei nøkkelrolle i bemanningssenteret – du er den som sørgjer for at rett ressurs kjem på rett plass til rett tid.
Du vil ha oversikt over mennesker og behov, og stå for booking og koordinering av vakter på tvers av avdelingar. I tillegg samarbeider du tett med leiarar i føretaket for å sikre god bemanning 🤝. Du får ei sentral rolle i utvikling og etablering av rutinar og system for fastvaktordninga.
Dette er ei spanande moglegheit for deg som trivst med oversyn, samordning og tett dialog med leiarar og tilsette i heile verksemda 🌟.
Stillinga har oppstart snarast med varigheit på 1 år, med moglegheit for fast tilsetjing.
👉 Noko for deg? Søk no og bli ein del av laget vårt!
Kva går jobben ut på?
- Administrativ rolle med ansvar for koordinering av personalressursar
- Lage timeavtalar og følgje opp timeansatte
- Booking av vakter for fast tilsette og timeavtalar
- Vurdere behov for opplæring
- Dagleg dialog med leiarar og koordinatorar på avdelingane
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant fagbrev (fagbrev kan vere helseservicefag, IT-drift , kontor og administrasjon)
- Erfaring frå merkantilt arbeid
- Gode datakunnskapar
- Ønskjeleg med erfaring frå sjukehus
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- arbeidar strukturert og systematisk
- ser moglegheiter og finn gode løysingar
- tek ansvar og handterer oppgåver sjølvstendig
- er tilpasningsdyktig og har god nøyaktigheit
- trivst med rutinepregede oppgåver når det trengst
- likar å jobbe i eit dynamisk miljø og har lyst til å vere med å forme ei ny funksjon
🌟 Kvifor skal du velje oss?
- Moglegheit til å vere med å byggje opp noko frå botnen og setje eige preg på utviklinga
- Ei nøkkelrolle med stort ansvar
- Du blir del av eit lag som jobbar for kvalitet, tryggleik og gode tenester til pasientar og tilsette
- Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179, toril.johanson.forland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 51
5529 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5036271891
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 03.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
93970c41-f27f-4965-9583-c56327eaa858
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
33b00270165145488c81375e16e8a250
Lignende annonser
Helsesekretær/Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Kreftpoliklinikk, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund
Helsesekretær/sekretær
Arbeidsgiver
Medisinsk poliklinikk /Kreft poliklinikken, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Husøkonomi avdeling Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund