Vil du bli fagavdelingsleiar for lydavdelinga på landets største teater?
Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Fagavdelingsleiar for lydavdelinga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Det er ledig ei fast stilling som
fagavdelingsleiar for lydavdelingaHar du solid lydteknisk bakgrunn, eit blikk for teater og øyre for god lyd? Har du gode leiareigenskapar og vil utvikle deg som personalleiar? Då kan jobben som fagavdelingsleiar for lydavdelinga vere noko for deg. I stillinga vil du ha det overordna faglege ansvaret for lydområdet, og du vil vere ein viktig ressurs i produksjonsprosessane på teateret. Som personalleiar skal du bidra til å sikre eit godt arbeidsmiljø og god ressursutnytting i avdelinga.
Kompetanse- høgare utdanning og/eller relevant erfaring innanfor lydfeltet
- erfaring med Q-lab
- god kjennskap til trådlause system
- erfaring med ein eller fleire DAW
- god datakunnskap, systemforståing og kjennskap til nettverk
- erfaring frå innspeling og redigering av lyd er ein fordel
- erfaring frå teaterbransjen er ein fordel
- erfaring frå personalleiing, arbeidsleiing, økonomistyring eller prosjektleiing er ein fordel
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og god på teambygging
- strukturert, god på overordna planlegging og til å sjå konsekvensar
- sjølvstendig og løysingsorientert
- interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar
- interesse for ny teknologi
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø i utvikling
- stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
- god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
- gunstig ferieordning
Arbeidstida er 37,5 timar i veka, hovudsakleg på dagtid i vekedagane, men du må rekne med noko arbeid på kveld og i helg.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje.
Om bedriften
Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.
Sektor
Privat
Nettsted