Hopp til innhold

Vil du bli fastlege med nordsjøturnus, ved eit velorganisert legekontor i hjarta av Ryfylke?

Arbeidsgiver

Suldal kommune Suldal legekontor

Sted

Eidsvegen 3, 4230 Sand

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fastlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Suldal kommune har ledig intervallstilling som fastlege («Nordsjøturnus») frå mars 2026. Hjå oss kan du kombinere ein periodevis hektisk jobb som fastlege med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kople av både i naturen og i det urbane bygdemiljøet.

Om eininga
Suldal legekontor har åtte fastlegar og ein LIS1-lege. Fire av legane jobbar i intervallstillingar.
Legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og Frisklivsentral, og ligg tett på sjukeheim, heimeteneste og psykisk helse. Me har eit godt fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.

Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
Du trivst med varierte oppgåver, er fagleg trygg og samarbeider godt med andre. Du har evne til å ta ansvar og bidra til utvikling av gode helsetenester.

Kva kan me tilby som arbeidsplass?
• Gode arbeids- og lønsforhold
• Intervallordning som gir fleksibilitet
• Aktivt fagmiljø med fokus på samarbeid
• Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning
• Aktivt velferdsutval med sosiale aktivitetar
• Me er ein LEAN-kommune med fokus på utvikling

Kva gjer ein fastlege i Suldal kommune?
• Allmennpraksis med pasientliste (listetak 570)
• Deltaking i legevakt (6-delt vakt)
• Kommunale oppgåver
• Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell
• Andre oppgåver i tråd med eininga sitt behov

Kven søkjer me?
Me ser etter ein fagleg dyktig og samarbeidsorientert lege.

Formelle krav:
• Norsk autorisasjon som lege
• Må kunne delta i legevakt
• Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.

Velkommen til kraftlaget vårt!

Om Suldal kommune

I Suldal kommune har me mykje å by på, frå vakker natur til eit levande lokalsamfunn. Me er Noregs største kraftkommune, med Kvilldal, landets største kraftstasjon, og Blåsjø, det største vassmagasinet i Nord-Europa.
Men Suldal handlar om meir enn energi. Her finn du små bygder med engasjerte folk og eit rikt kulturliv.
Her kan du:
Gå tur i Stranddalen, Gullingen og langs Suldalslågen – perfekt for friluftsliv og fiske
Oppleve laksesafari, dagsturhytter, frisbeegolf og smake på dei kjende jordbæra frå Jelsa
Delta på arrangement i Kulturhuset, besøke Ryfylkemuseet eller ta ein tur til Suldal bad
Nyte lokalmat og gardsutsal – små opplevingar i kvar grend
Suldal er ein kommune med plass til både ro og aktivitet. Her kan du kombinere ein god jobb med eit rikt liv utanfor arbeid – med kort veg frå kontor til fjelltopp.

Les meir om korleis det er å jobba i Suldal kommune her: https://www.suldal.kommune.no/om-kommunen/bu-og-jobb-i-suldal/jobb-hos-oss/bli-ein-del-av-kraftlaget/

Kontakt:
Adriaan van Ruiven, einingsleiar
Telefon: 454 22 697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Suldal legekontor er organisert under eining Helse. Legekontoret har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø, nyoppussa moderne lokale, og tilbyr gode arbeids- og lønsforhold. Tverrfagleg arbeid er sentralt for oss og legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og frisklivssentral. Suldal sjukeheim, heimetenesta med bestillarkontor og psykisk helse ligg òg i nær tilknytting til legekontoret.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9375ad5a-399e-40f4-9807-a597e984e067

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3563815_204005_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser