Tannlegespesialist i endodonti
Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland, Spesialistklinikken
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Tannlegespesialist i endodonti
Antall stillinger
1
Har du lyst å jobbe i eit stort fagmiljø? Då er TK Vestland noko for deg!
TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg.
TK Vestland tilbyr spesialisttannhelsetenestar til befolkningen i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert ved TKV og eit viktig mål er at resultata kjem tannhelsetenesta og dermed pasientane til gode. Vi utfører undersøkjing og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikker, samt utadretta verksemd som rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 11 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus. Det er rundt 38 ansatte på spesialistklinikken. Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.
Arbeidsoppgåver
Som spesialist i endodonti ved kompetansesenteret arbeidar du med pasientar som er tilvist for vurdering og behandling hjå spesialist. Mange av pasientane som er tilvist treng tverrfagleg vurdering og behandling hjå fleire tannlegespesialistar, og som spesialist i endodonti har du ei viktig rolle i dette arbeidet. Det vil og inngå i arbeidsoppgåvene å delta i utadretta verksemd og kompetansehevande tiltak som for eksempel kurs og tilråding av kollegaer i tannhelsetenesta.Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk godkjenning som spesialist i endodonti.Det er ynskjeleg med relevant arbeidserfaring som spesialist.
God evne til formidling.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode samarbeidsevner som kan fungere godt i eit tverrfagleg miljø. Personleg eignaheit for stillinga, motivasjon, evne og vilje til å arbeide i tverrfaglege team vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring i å arbeide med endodonti på pasientgruppene som har rettar etter Lov om tannhelsetjenesten er ei føremon.Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ein spennande og utfordrande jobb
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anne Marit Graue, klinikkleiar , 93061996, anne.marit.graue@vlfk.noMartha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834, martha.sorensen@vlfk.no
Arbeidsstad
Årstadveien 195009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4699366843
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2023
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2417205
- Hentet fra
talentech
- Referanse
185ba6ca66dc42338dac32fdbc84678e