Kyrkjemusikar/organist – inntil 100% fast stilling.
Kvinnherad Kyrkjelege Fellesråd
Kvinnherad, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Organist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Send søknad til
Kvinnherad kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjemusikar/ organist i inntil 100% stilling. Saman med 3 andre musikarar i ulike stillingsstorleikar vil den som blir tilsett inngå i eit team som har ansvar for det musikalske arbeidet i kyrkjelydane våre. Fellesrådet fastset saman med den som vert tilsett stillingsstorleik.
I fellesrådsområdet har vi til saman 8 sokn og 12 kyrkjer. Alderen på kyrkjene er varierande frå Ænes kyrkje (ca år 1200) til Valen kyrkje (1978). Kyrkjene har ulik gudstenestefrekvens, men i Eid kyrkje, Husnes kyrkje og i Kvinnherad kyrkje er det gudsteneste annankvar søndag. To av kyrkjene har digitale orgel.
Vi søkjer:
-
Allsidig musikar som i tillegg til å spele orgel kan delta, og ta leiing, innan kyrkjemusikalsk arbeid i kyrkjelyden.
-
Kyrkjemusikalsk utdanning er eit ynskje men ikkje eit krav. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
-
Ein som kan arbeida sjølvstendig, men og med gode samarbeidsevner. Vi treng ein som kan gå inn i etablert kyrkjemusikalsk arbeid og utvikla dette, men og ein som har nye idear. Ofte er arbeidet i samspel med prestar, trusopplærar eller andre tilsette.
Vi tilbyr:
-
Arbeidsfellesskap med andre kyrkjelege tilsette i tenlege kontor like ved Valen kyrkje. Vi har stabsmøte med heile staben ein gong kvar månad.
-
Lønn etter KA sin tariff.
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Som kyrkjemusikar må ein pårekna arbeid på søn- og helgedagar. Nokon laurdagar vert det og arbeid t.d i samband med vigslar.
Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja og kunne nytte norsk skriftleg og munnleg.
Søkjar må ha førarkort klasse B og disponera bil. Køyring vert godtgjort etter gjeldande satsar ut frå HTA.
Prøvespeling kan bli aktuelt i samband med tilsetjing.
Søknad kan sendast:
post.kyrkja@kvinnherad.kommune.noSøknadsfrist 10.sept. 2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kvinnherad kyrkjelege fellesråd har saman med prestane ansvar for kyrkjeleg verksemd innanfor Den norske kyrkja i Kvinnherad kommune. Til saman er vi vel 20 medarbeidarar fordelt på om lag 13,5 årsverk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
931bfa65-4b64-449b-87cb-3cb79e98eca9
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
931bfa65-4b64-449b-87cb-3cb79e98eca9