Hopp til innhold

Leiar for Kvam legevakt

Arbeidsgiver

Kvam herad

Sted

Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund

Om jobben

Stillingstittel
Leiar for Kvam legevakt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Leiar for Kvam legevakt er ei unik leiarstilling for deg som ønskjer å kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse, samstundes som du deltek aktivt i klinisk arbeid som sjukepleiar. 

Legevakta i Kvam vert bemanna av fastlegane i kommunen frå kl. 15.30 – 23.00 på kvardagar og 08.00-23.00 i helgar og på høgtidsdagar. Frå 23.00-08.00  (08.30 kvardagar)  overtek Voss interkommunale legevakt ansvaret for  legevaktsentralen, medan lokal lege fungerar som bakvakt ved akutte hendingar i Kvam.  


Legevakta er bemanna med 6 sjukepleiarar i  31,4 % stillingar. Desse arbeidar turnus med vakter kveld og helg.

 
Me søkjer deg som er tydeleg, trygg og endringsorientert, og som vil bidra til god og effektiv drift, sikra høg fagleg kvalitet på tenestene, skapa eit godt arbeidsmiljø og utvikla medarbeidarane og tenestene vidare. 


Som leiar har ein det overordna ansvaret for administrativ og operativ drift av legevakta, fagleg kvalitet i lag med medisinsk rådgjevar, økonomi, personalansvar for sjukepleiarane, og handtering av legevaktsentalen på dagtid. Stillinga inneber òg tett samarbeid med andre avdelingar innan helse og omsorg, ambulansetenesta, fastlegane og andre akuttmedisinske aktørar. 


Stillinga er ledig frå november 2026 og er kombinert med både administrative oppgåver og drift/kliniske sjukepleiaroppgåver. Leiar bemannar legevaktsentralen dagtid i vekedagene og legekontora driftar daglegevakta.  


Stillinga er i 100 %, og rapporterar til leiar for legetenesta. Arbeidstida er frå 08.30-16.00. Då arbeid på legevakt krev særskild  opplæring, må leiar  ved ekstraordinære situasjonar òg kunna arbeida kveld og helg.  


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing og drift av legevakta 
  • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring, utvikling og oppfølging av tilsette 
  • Planlegging og oppfølging av bemanning, turnus og ressursstyring 
  • Budsjett- og økonomioppfølging 
  • Sikre at tenestene vert drivne i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter,nasjonale føringar og kvalitetskrav 
  • Leia og vidareutvikla HMS-, kvalitets- og forbetringsarbeid 
  • Delta som arrangør/fasilitator ved samtrening og kurs 
  • Saksbehandling og oppfølging av avvik, klager og forbetringstiltak 
  • Bidra aktivt til vidareutvikling av legevakttenesta i samarbeid med overordna leiar, kommuneoverlege og  andre samarbeidspartar 
  • Sikra god samhandling med interne og eksterne aktørar 
  • Leggja til rette for meistring, medverknad og fagleg utvikling hos medarbeidarane 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.  
  • Minimum 2 års relevant klinisk erfaring, og god fagleg forståing 
  • Gjennomført kurs innan akuttmedisin, vald- og overgrepshandtering, nødnett og triage, eller vilje til å ta desse før tiltreding. Dette er obligatoriske kurs for legevaktoperatørar.  
  • Erfaring frå legevakt/akuttmedisin er ei føremon 
  • Relevant leiarutdanning, eller vilje til å gjennomføra slik utdanning 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og evne til å kommunisera på engelsk 
  • Erfaring som fasilitator/instruktør eller gjennomført fasilitatorkurs vil verta vektlagd 
  • God kjennskap til akuttmedisin og den akuttmedisinske kjeda 
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system 

 

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Du er en trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement 
  • Du er målretta, strukturert og har evne til å videreutvikla tenesta 
  • Du er nytenkjande, tillitskapande og har gode samarbeidsevner 
  • Du har evne til å prioritera og handla rett i akutte situasjonar 
  • Du handterer samtidigheitskonfliktar på ein strukturert måte, og evnar å prioritera når mange omsyn må balanserast samstundes 
  • Du har gode kliniske vurderingsevner 
  • Du er trygg i kommunikasjon med pasientar, pårørande og innringjarar 
  • Du er fleksibel og løysingsorientert noko som er naudsynleg innan akuttmedisin og beredskap 

Det vert lagt stor vekt på desse personlege eigenskapane

Vi tilbyr

  • Ein arbeidstad i utvikling
  • Trivelege kollegaer i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.    

Kontaktinformasjon

Kari Svellingen Nygård, Leiar Kvam legevakt, +47 971 10 289

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5198352496
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Kari Svellingen Nygård

Leiar Kvam legevakt

+47 971 10 289

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

931a81da-3b98-4b73-a12f-3ac688bc6c70

Sist endret

21. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1a6f9b04526c412e80c7233bd84b2919

Lignende annonser

Laster lignende annonser