Sjukepleiar/vernepleiar
Øysteseheimen langtidsavdeling
Skårdalsvegen 20, 5610 Øystese
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar
- Øysteseheimen søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til 80% fast stilling
- Ledig frå 1.januar 2027, oppstart etter avtale
- Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og 3.kvar helg
Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Medisinske prosedyrar
- Koordinering av pleieplanar
- Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
- Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd
- God kommunikasjonsevner
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet geriatri og demensomsorg
- Engasjert og positiv
- Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Ein arbeidstad i utvikling
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 974 84 612Arbeidsstad
Skårdalsvegen 205610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5192482449
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Anna Marie Frøseth
Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling
974 84 612
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9e4fb898-f597-4518-98c1-21090aeac256
- Sist endret
21. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c15bb8b14a2441fe90a2342068b72dbe