Høgskulelektor i planlegging
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Høgskolelektor i planlegging
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i planlegging ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap.
Om stillinga:
Stillinga er knytt til Institutt for bygg, miljø- og samfunnsvitskap, campus Sogndal, med tilsetjing frå 1. januar 2027.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervisning og rettleiing innan arealplanlegging og miljøforvaltning på bachelor- og masternivå. Instituttet har eit internasjonalt og breidt fagmiljø, og ved campus Sogndal har vi høg forskingsaktivitet innan natur- og miljøforsking. Vi ønskjer at den som vert tilsett har interesse i å delta i forskings- og utviklingsarbeid ved instituttet.
Kvalifikasjonar:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven
For tilsetjing som høgskulelektor er kravet mastergrad.
Den som vert tilsett i stillinga må ha:
- mastergrad i fysisk planlegging
- utdanningsfagleg kompetanse *
- god og dokumentert kunnskap om det norske plan- og forvaltningssystemet
- kunnskap om miljøforvaltning og naturbaserte løysingar
- praktisk erfaring med areal- og reguleringsplanlegging
- undervisningserfaring i planlegging frå universitet og/eller høgskule
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk
- norskferdigheiter på nivå B2 **
Ønska kvalifikasjonar:
- erfaring med bruk av digitale planverktøy
interesse for forsking
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevnar på tvers av fagdisiplinar
- evne til sjølvstendig arbeid
- bidra til eit godt inkluderande arbeidsmiljø
- er kreativ og arbeider proaktivt med problemløysing
Søkjarar som vert funne kvalifisert til stillinga blir kalla inn til intervju med prøveførelesing.
Utdanningsfagleg kompetanse*
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i alle undervisnings- og forskarstillingar.
For stilling som høgskulelektor er det krav til utdanningsfagleg kompetanse i tråd med dei nasjonale rettleiande retningslinjene.
Søkjarar som ved tilsetjing ikkje oppfyller krava i forskrifta, må oppfylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i pedagogikk i høgare utdanning.
Språkkrav**
Det er krav om norskferdigheiter på nivå B2. Kompetanse i eit skandinavisk språk er likestilt med norsk. Kravet er oppfylt dersom søkjaren har fullført norsk vidaregåande opplæring som gir opptak til høgare utdanning i Noreg, eller dokumenterer bestått språktest på B2-nivå.
Dersom søkjarar ikkje oppfyller språkkravet, vil HVL leggje til rette for at kompetansen blir oppnådd innan tre år frå tilsetjingstidspunktet. Søkjaren forpliktar seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan tre år frå tiltreding.
Om SpråknivåerKorleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merkt ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte ut frå informasjonen som er registrert i www.jobbnorge.no ved utløpet av søknadsfristen. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lasta opp innan fristen, mellom anna:
- attestar og vitnemål
- dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfagleg basiskompetanse for tilsetjing, opprykk og overgang ved HVL.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overstig 50 MB, må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga svarar til norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er omfatta av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir på at dei har motteke søknaden din.
Søknadene blir sende elektronisk til den sakkunnige komiteen. På grunnlag av innstillinga frå komiteen vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med mogleheit for kompetanseheving og fagleg utvikling
Mulighet for trening i arbeidstida
Stillinga som høgskulelektor er løna etter lønsregulativet i staten, i stillingskode 1008 .
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert behandla etter reglane i offentleglova. Søkjarar som har bede om å ikkje bli førte opp på den offentlege søkjarlista, vil bli varsla dersom ei slik oppmoding ikkje blir teken til følgje.
I HVL trur vi at mangfald gjev oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og ulike fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne endå fleire gode løysingar på oppdraga våre. Vi oppmodar deifor alle til å søkje jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Les meir om positiv særbehandling i staten.
Vi tek atterhald om at plasseringa av stillinga i organisasjonen kan bli endra som følgje av eventuelle justeringar i den interne organiseringa ved HVL.
Høgskulen på Vestlandet er underlagd eksportkontrollforskrifta. Forskrifta kan kome til bruk i behandlinga av søknadene.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:
Assisterande instituttleiar Liv Norunn Hamre
E-post: liv.hamre@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre hjemmesider.Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campusar i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Kvart år uteksaminerer vi 3 000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver. HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap samt økonomi og leiing. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL sin visjon er «Kunnskap som byggjer menneske og samfunn». Dei strategiske ambisjonane og måla våre har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, forankra i verdiane våre – inkludere, utfordre og samhandle – som kjenneteiknar identiteten og kulturen hos oss.
Fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor- og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til ph.d.-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling samt nautiske operasjonar.
Fakultetet har fem institutt med om lag 500 tilsette og 5 700 studentar. Fakultetet vert leia av ein dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet, og som rapporterer til rektor. Hovuddelen av verksemda til fakultetet er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har òg aktivitet ved campus Stord.
Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap held til ved HVL sine campusar i Bergen og Sogndal og driv forsking og utdanning innan bygg- og anleggsfag, areal og landmåling, energiomstilling, klimaendringar og klimatilpassing, byplanlegging og naturvitskap. Instituttet har om lag 100 tilsette frå 20 nasjonar og 900 studentar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
930c1293-3dd9-4f10-ba02-f55c91c50121
- Sist endret
11. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10305491