Vikar som førsteinspektør/seniorinspektør, grensekontrollstasjonen Haugesund Havn, Karmøy
Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll
Husøyvegen 236, 4262 Avaldsnes, Eikeskogvegen 77, 5570 Aksdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Førsteinspektør/seniorinspektør
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Grensekontrollstasjonen Haugesund Havn på Karmøy blei opna våren 2023. Grensekontrollen er godkjent for alle produktkategoriar innan animalske produkt med unntak av levande dyr. For å kontrollere varer frå tredje land har vi behov for førsteinspektør/seniorinspektør som kan jobbe ved grensekontrollstasjonen.
Du vil få ein variert arbeidskvardag og vil jobbe i eit tverrfagleg miljø. I hovudsak vil oppgåvene utføres ved grensekontrollstasjonen, men du vil også ha kontorplass i Mattilsynets lokaler på Aksdal.
Mattilsynet er i ein organisasjonsendring, der vi skal gå frå regionale avdelingar til fagorganisering i divisjonar. Dette vikariatet vert ein del av Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll, avdeling grensekryssende varer, seksjon grensekontroll.
Arbeidsoppgåver
- Utføre grensekontroll frå tredjeland (land utanfor EU/EØS) ved Grensekontrollstasjonen Haugesund havn
- Rettleie verksemder om krava til import
- Behandle meldingar i det europeiske meldesystemet TRACES NT
- Administrativt arbeid ved grensekontrollen, i tillegg til det faglege ansvaret for den kontrollen som blir gjennomført
- Samarbeide med grensekontrollane i Noreg
- Samarbeide med Tolletaten
- Arbeidstid både i normalarbeidstid, kveld, morgon og helg etter ein vaktplan og med rullering av oppgåver
- Oppgåver innan andre område i tilsynsdivisjonen kan bli aktuelt
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- Har bachelor eller master innan relevante fagområde for eksempel veterinærfag, matvitenskap, biologi eller tilsvarande
- Kommuniserer tydeleg, snakkar og skriv flytande norsk og engelsk
- Har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- God rolleforståing, og evnar å gjere gode vurderingar i forvaltninga av regelverket
- Kan kombinere samarbeid internt i teamet og på tvers av fagområde med å jobbe sjølvstendig
- Du er god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, og finne løysingar
- Er fleksibel i arbeidskvardagen, du kan planlegge godt, ta gode avgjersler i ein hektisk arbeidsdag, og kan tilpasse deg endringar
- Kan takle vaktordning med rullering i arbeidstid dag, kveld og helg.
Personleg eignaheit og korleis du passer inn i teamet er ein viktig del av vurderinga, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget.
Vi tilbyr
- Vikariat som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida årslønn frå kr 550.000 - 730.000 for samanliknbare stillingar i Mattilsynet.
- Ordna arbeidsforhold, overtid og ugunstig arbeidstid blir kompensert i samsvar med gjeldande regelverk
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseheving i eit arbeidsmiljø prega av sterkt engasjement, stor arbeidsglede og kollegastøtte.
- Medlem i Statens pensjonskasse med gode låne- pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du:
Søknaden blir motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem, Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan leggje inn søknaden. Vi ber om at du lastar inn vitnemål og attestar som vedlegg. Ver vennleg å oppgi to referanser i søknaden.
Kontaktinformasjon
Kristin Lervag, Avdelingssjef, 92056850, kristin.lervåg@mattilsynet.noArbeidssted
Husøyvegen 2364262 Avaldsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: MattilsynetReferansenr.: 4941728811
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 30.04.2026
Søknadsfrist: 21.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2903838
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c27d3a89ae9d43a683b4e5193f9de96b