Pedagogisk leiar
Sunde barnehage, Sula kommune
Rystene 30, 6037 Eidsnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. juli
Sunde barnehage har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar frå 1.8.2025 – 23.12.2025 på småbarnsavdeling. (Det kan bli moglegheit på forlenging eller fast på ein av dei kommunale barnehagene i 2026.)
Sunde er ein kommunal barnehage med to avdelingar; 0-3 år og 3-6 år. Barnehagen har ein friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra mykje.
Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde Barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.
Du kan også lese meir om Sunde barnehage på Sula Kommune si heimeside, under oppvekst og utdanning
Arbeidsoppgåver
Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på avdelinga, i tråd med stillingsinnhald for pedagogisk leiar.
Arbeide i tråd med barnehagen sin visjon, verdiar og standardar.
Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområde.
Vere ein god samarbeidspartner for personale, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning eller anna 3-åring relevant høgskuleutdanning.
God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
Politiattest av nyare dato må framleigast ved tilsetting.
Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit eventuelt intervju.
Personlege eigenskapar
Du er fleksibel og løysingsorientert.
Du tek medansvar for eigen og andre sin trivsel, og likar å arbeide i team.
Du liker å vere mykje ute og er glad i friluftsaktivitetar
Du er ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne.
Du er positiv til internasjonalt samarbeid.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du kan arbeide og fungere både ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
Vi tilbyr
Kompetent personal med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
Spennande samarbeid i Sula Kommune med mellom anna fokus på læringsreisa til barna og utviklingsarbeid som omhandla språk.
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel.
Løn etter gjeldande tariff.
God offentleg tenestepensjon i KLP. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Gode forsikringsvilkår.
Kontaktinformasjon
Anita Beth Quon Eikrem, Konstituert einingsleiar, 95710295, anita.beth.quon.eikrem@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Rystene 30
6037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 4987654759
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9235a006-1d51-4975-9744-a7d890d964e6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
52f9885b17a54aff8a3869388e44400a