Vil du vere med å vidareutvikle eit godt og inkluderande elev- og læringsmiljø i Ål?
Ål kommune Oppvekstsektoren
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiarar - Skulen i Ål
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Me har fleire ledige faste stillingar som miljørettleiar i skulen i Ål.
Miljørettleiar samarbeidar tett med lærar om utfordringar i elevmiljøet med tidleg innsats, for å fremje eit godt læringsmiljø. Miljørettleiarar bidreg slik med å frigjere tid til læraren sitt arbeid med førebuing og undervisning.
Miljørettleiaren fremjar meistring, læring og personleg ansvar, i klassar og på SFO.
Vår overordna visjon er "I eit inkluderande læringsmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv". Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø".
Kvalifikasjonar- relevant utdanning som vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom el.
- kunnskap om nevroutviklingsvariasjoner, som t.d. ADHD, autisme, tourettes og traumar er ein fordel men inga krav
- erfaring med elev/læringsmiljøarbeid
- jobbe med regulering av følelser og adferdsuttrykk, førebygging av adferd som utfordrar og veilede elevar sosialt
- bidra til å skape gode system og trygge rammer rundt elevane
- delta med innspel i arbeid med sosiale og miljøterapeutiske mål
- bidra til gjennomføring av daglege aktivitetar i skulekvardagen der alle elevar er inkludert i eit fellesskap, med mål om at eleven skal bli og vere mest mogleg sjølvstendig
- samarbeid med føresette og daglege kommunikasjonen mellom skule og heim
- observasjon og rettleiing
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ønskjer at du:
- er trygg i situasjonar som utfordrar deg både fagleg og sosialt
- er ein god relasjonsbyggar
- er god på leiing av barn og unge
- er tydeleg og omsorgsfull
- kan arbeide sjølvstendig og målretta
- har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
- er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert, og deltar aktivt i profesjonsfellesskapet
- har godt humør og pågangsmot
- ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
- varierte og spanande arbeidsoppgåver
- pensjonsordning i KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288331
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3136829_200323_nn