Hopp til innhold

Er du vår nye barne- og ungdomsarbeidar?

Arbeidsgiver

Hjartdal kommune Tuddal barnehage

Sted

Hjartdal

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 30. mai

40% fast stilling som  Barne- og ungdomsarbeidar.

Er du god på relasjonsbygging? Vil du jobbe i eit fagleg sterkt miljø med engasjerte kollegar?

Hjartdal kommune søker etter dyktig og entusiastisk barne- og ungdomsarbeidarar i våre barnehagar frå hausten 2026. Vi søker deg som ønsker å skape gode arenaer, med moglegheit for leik, læring og meistring for barn i vår kommune. Vi har tre barnehagar i ulike størrelsar med kvart sitt særpreg. Alle tre barnehagane ligg i flotte omgivnadar med store moglegheiter.

Barnehagane har eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse og stort mangfald.

Behovet vil frå august 2026 vere i Tuddal barnehage.

Vår visjon er: Vi trivst, lærer og har MOT til å gå saman

 

 

Arbeidsoppgåver
  • Dagleg omsorg og til stades for enkelt barn og heile barnegruppa
  • Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet
  • Rettleie og hjelpe barn i leik og aktivitetar
  • Bidra til at rammeplan og barnehagelova oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet med barnegruppa.
  • Samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ynskjeleg
  • Erfaring frå barnehage 
  • At du er personleg egna vil bli vektlagt
  • Det er ein fordel om du meistrar fleire språk
Personlege eigenskapar
  • Er engasjert, omsorgsfull og har evne til å ta barneperspektivet
  • Har evne til å reflektere over eigen rolle og eigen praksis
  • Er aktiv lyttande og til stades i samspel med barn
  • Er strukturert, ansvarleg og serviceinnstilt
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Har god relasjonskompetanse
Vi tilbyr
  • Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
  • Eit godt arbeidsmiljø der kommunen har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
  • God pensjonsordning
Her kjem litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over:
  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gler oss, husk å ta med kopi av vitnemål og attestar.
  • Vi ynskjer to referansar, og du må legge inn kontaktperson og telefonnummer.
  • Du vil ha prøvetid på 6 månader.
  • For personar som skal jobbe med barn, stillast det krav om politiattest i tråd med Barnehagelovas § 30.
  • Som tilsett ved våre barnehagar kan ein ved behov og etter avtale bli flytta til andre barnehage einingar i kommunen.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med einingsleiar for barnehagane i Hjartdal, Karianne Haugan Skårdal. 

 

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Karianne Haugan Skårdal

95790597

karianne.haugan@hjartdal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

91f84882-b97d-46c8-bc52-5920d4007ca1

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3615377_231661_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser