Overlege ved Seksjon for hormonsjukdommar
Medisinsk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Overlege ved Seksjon for hormonsjukdommar, Medisinsk klinikk
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Medisinsk klinikk har ledig fast stilling som overlege i 50% ved Seksjon for hormonsjukdommar.
Seksjonen driv stor poliklinikk for diabetes, spesiell endokrinologi og sjukeleg overvekt. I tillegg driv seksjon for hormonsjukdommar sengepost med 18 senger saman med seksjon for nyresjukdommar. Seksjonen har ansvar for seks av desse sengene, har spesialisert vaktteneste, og har ei aktiv rolle i medisinsk overvåkingseining.
Saman med Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen, har seksjonen ei stor forskingsverksemd.
Seksjonen har åtte overlegestillingar og ein overlege/amanuensis i bistilling, samt seks stillingar for legar i spesialisering
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i dei ulike aktivitetane ved seksjon for hormonsjukdommar.
- Oppgåver knytt til diabetes mellitus er ein vesentleg del av arbeidet. Spesialkompetanse innan andre område av spesiell endokrinologi er ønskeleg. Vi har særskild behov for overlege med ansvar for hypofysesjukdommar, inklusive samarbeid nasjonalt og med nevrokirurgisk avdeling regionalt.
- Deltaking i bakvaktordning ved seksjon for hormonsjukdommar, for tida 7-delt.
- Deltaking i undervisning av legar i spesialisering ved medisinsk klinikk og seksjon for hormonsjukdommar.
- Forsking og utdanning er prioriterte oppgåver for seksjonen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon.
- Klinikken søker etter spesialist i indremedisin og endokrinologi.
- Dokumentert forskingskompetanse er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter lege med interesse for endokrinologi/diabetes, med evne til å organisere eige og andres arbeid.
- Det blir lagt vekt på gode evner til samarbeid med ulike faggrupper i tillegg til stor arbeidskapasitet.
Vi tilbyr
- Stimulerande arbeidsmiljø i aktiv avdeling med høg fagkompetanse, og med sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking.
- Gode utsikter til forsking.
- Lønn ihht gjeldande avtalar.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kristian Løvås, Seksjonsoverlege, Medisinsk klinikk, 55975000, kristian.løvås@helse-bergen.noSteinar Skrede, Ass. klinikkdirektør, Medisinsk klinikk, steinar.skrede@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4709928737
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2446553
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f20d999cb0774e51b718fbb913e9a881