Pedagogisk leiar – Kviteseid barnehage- 100% fast stilling
Kviteseid Barnehage
Kviteseid, Telemark, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vil du vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna i Kviteseid barnehage? Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk pedagogisk leiar som vil bidra til eit inkluderande og læringsrikt miljø der barna står i sentrum. Hjå oss er tryggleik grunnmuren for leik, læring og utvikling – både for barna og dei vaksne. Du vil få ei sentral rolle i å vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og vere ein del av eit fagmiljø som legg vekt på refleksjon, kompetanseheving og godt samarbeid.
Stillingstittel
Pedagogisk leder barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. mai
Hva vi ser etter
-
Du er trygg i leiarrolla og har evne til å inspirere og rettleie andre
-
Du er omsorgsfull, strukturert og fagleg engasjert
-
Du kommuniserer godt og bygger tillit både til barn, føresette og kollegaer
-
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og jobbar løysingsorientert
Arbeidsoppgaver
-
Vere ein tydeleg og støttande leiar for personalet på avdelinga
-
Planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplan og barnehagen sin årsplan
-
Sikre eit trygt og inkluderande miljø for barna
-
Samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre faginstansar
-
Bidra til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon
Vi tilbyr
-
Ein spanande og meiningsfull jobb i eit godt fagmiljø
-
Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning
-
Rettleiing for nyutdanna
-
Løn etter gjeldande tariffavtale med ekstra tillegg for pedagogisk leiar (lokalt forhandla)
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Eva Lundeberg
Einingsleiar
90858144
Om bedriften
Kviteseid barnehage er ein kommunal barnehage med tre avdelingar. Me arbeider aktivt for å vera ein barnehage der både barn og vaksne opplever meistring, medverknad og glede i kvardagen. Vi har fokus på å skape eit trygt miljø med høg fagleg standard og eit utviklingsorientert personale.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945134
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
91d99b28-082d-42f9-ac81-aa2e14f14ff7