Hopp til innhold

Ungdomsassistent i barnehage

Arbeidsgiver

Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Ungdomsassistent i barnehage
Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 15. oktober

Har du ledig tid etter skulen, ein dag eller to i veka, og har du lyst til å jobbe i barnehage? Dei kommunale barnehagane i Gloppen vil gjerne tilsetje deg som går i 9. klasse og oppover til ein ekstrajobb. Du søkjer på stillinga her og skriv kva barnehage du kan tenkje deg å jobbe i. Så kan du ta kontakt med styrar i aktuell barnehage for å seie at du har søkt. Det vil vere rom for ein til to ungdomar i kvar barnehage. 

Arbeidsoppgåver

Du får vere med å hjelpe barna, og vere i aktivitet saman med dei. Samt å bli med på andre praktiske oppgåver i barnehagen. I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld  på den aktuelle avdeling.

    Kvalifikasjonar

    • Du treng ingen spesielle kvalifikasjonar anna enn at du er motivert for å jobbe i barnehage.
    • Alder 9. klasse og oppover

    Personlege eigenskapar

    • Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ
    • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
    • Du kan snakke norsk og likar å vere i aktivitet med barn i alderen 0-6 år

    Vi tilbyr

    • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
    • God opplæring og oppfølging

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
    Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568
    Lisbeth Risøy Kvellestad, Barnehagestyrar, 41876670
    Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655
    Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875

    Arbeidsstad

    Grandavegen 9
    6823 SANDANE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5184551380
    Stillingsprosent: 0%
    Engasjement
    Søknadsfrist: 15.10.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Per Arne Strand

    Kommunalsjef Oppvekst

    +47 957 78 875

    Anne Kristin Risøy Eimhjellen

    Rektor Hyen skule og barnehage

    924 07 655

    Lisbeth Risøy Kvellestad

    Barnehagestyrar

    41876670

    Anette Støyva

    Barnehagestyrar Breim barnehage

    468 73 568

    Else Lundestad Bakkelid

    Barnehagestyrar Mona barnehage

    970 95 123

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    91b7bff4-2a6a-48bc-8ac8-93815071a4ad

    Sist endret

    24. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    a55add77f8394fb08561ab7929f9201d

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser