Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Legetenesta, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Oppstart
1. mars 2027
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 17. desember

Gloppen legesenter ligg på Sandane. Her jobbar åtte fastlegar, turnuslege, helsesekretærar/helsefagarbeidarar, bioingeniør og sjukepleiarar. 
Legesenteret er kommunalt, og vart bygt i 2012. Lokala er lyse og trivelege med utsikt utover fjorden frå kontoret.

Vi har no ledig 70 % fast stilling som støttepersonell ved Gloppen legesenter med snarleg tilsetting. Helsefagleg bakgrunn er ynskjeleg.

Arbeidet er på dagtid.

 


Arbeidsoppgåver

Den tilsette vil få ansvar på ulike arbeidsområder med  hovudvekt på merkantile oppgåver som arkivering, scanning, arbeid med post, sterilisering av instrument. Vidare vil prosedyrer som ekg , handtering av 24t BT apparater, fjerning av sting vere blant arbeidsoppgåvene. Det kan tilkome nye helsefaglege arbeidsoppgåver etterkvart. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter ein person med helseutdanning, men også andre med relevant praksis kan søke
  • Personlege eigenskapar

    Vi ynskjer ein person som er ansvarsbevisst, sjølvstendig og som kan jobbe i team.
    Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg,
    Personleg kvalifikasjonar, interesse og kunnskap innan IKT vert vektlagt

    Vi tilbyr

    • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
    • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

     

    Kontaktinformasjon

    Elin Bergheim, Tenesteleiar Legesenteret, +47 908 48 835

    Arbeidsstad

    Grandavegen 9
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5215545212
    Stillingsprosent: 70%
    Fast
    Startdato: 01.03.2027
    Søknadsfrist: 17.12.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Elin Bergheim

    Tenesteleiar Legesenteret

    +47 908 48 835

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    c6227860-d956-4658-bbaf-f70b1ed5e73a

    Sist endret

    26. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    68deae1fb3314aafa364f5659d14234b

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser