Vil du leie og utvikle portørtenesta for pasientar på Haukeland universitetssjukehus?
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport, Helse Bergen
Haukelandsveien 26B, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar for pasientportørtenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker no ein ny seksjonsleiar for Portørtenesta
Pasientrelaterte transporttenester er ein intern serviceseksjon med døgnkontinuerleg drift. Hovudaktiviteten er pasientransport, både på sjukehuset og til andre einingar innan Helse Bergen. Vi er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset. Sjukehussektoren står framfor store krav til endring og det blir kontinuerleg gjennomført prosjekt og program innan digitalisering, organisasjonsutvikling og utbygging som medfører driftsomleggingar for sjukehuset. Seksjonen har om lag 70 tilsette og utfører årleg om lag 320 000 pasientransportar. Seksjonen utfører òg andre transporttenester som henting og levering av prøvar og blod, reine og skitne senger m.m. Portørfaget blei godkjend som eige fagbrev for nokre år sidan og vi satsar på utdanning av både lærlingar og fast tilsette.
Som seksjonsleiar vil du få gode moglegheiter for å utvikle seksjonen, dine medarbeidarar og deg sjølv og du kan bidra til å gjere kvardagen enklare for pasientar og andre tilsette ved sjukehuset. Du er sentral i arbeidet med forbetring av prosessar og logistikk saman med brukarklinikkane våre og dei samarbeidande seksjonane. Stillinga rapporterer til einingeleiar for Hospitaldrift Transport og inngår i leiargruppa for eininga.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle arbeidet ved seksjonen
- Personal- og budsjettansvar
- Ansvar for dagleg drift, koordinering og organisering av seksjonen
- Ansvar for bemanning og arbeidsplanar
- Innføre nye system og arbeidsprosessar i seksjonen
- Sikre opplæring og fagleg utvikling av medarbeidarane
- Sikre god kommunikasjon med brukarane av tenestene
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø for alle dei tilsette ved seksjonen
- Delta i eininga si leiargruppe og medverke til godt samarbeid på tvers i eininga
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring, gjerne frå større organisasjonar
- Høgskule-/universitetsutdanning innan helsefag, logistikk, økonomi, leiing eller anna relevant utdanning. Lang relevant erfaring og dokumenterte gode resultat kan kompensere for manglande utdanning
- Erfaring med bruk av aktivitet- og styringsdata for å definere bemanningsbehovet og planlegge turnus
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Erfaring frå, og interesse for endrings- og forbetringsprosessar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Engasjement for leiarfaget
- Du kommuniserer på ein tydeleg og motiverande måte som skapar tillit og gode relasjonar med andre
- Du er handlekraftig, fleksibel og arbeider målretta og strukturert
- Stillinga krev sjølvstende kombinert med evne til tverrfagleg samarbeid
- Du er opptatt av forbetring av tenestene og arbeidskvardagen for dei tilsette
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
- Du evnar å sjå heilskapen og korleis dine ansvarsområde påverkar denne
- Du er opptatt av samarbeid og har ein inkluderande stil
- Du er god på prioritering og delegering og trivst med høg arbeidstempo
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt arbeidsmiljø
- Deltaking i fagleg nettverk med portørleiarar ved andre sjukehus
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Janne Kristensen , Rådgivar rekruttering, 48 28 63 00Mona Halvorsen, Einingsleiar Transport, 92 97 76 78
Arbeidsstad
Haukelandsveien 26B5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4829899116
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2772016
- Hentet fra
talentech
- Referanse
526dfca4434f4be28d3f920318d254cb