Fagarbeidar
Ål kommune Nordbygdene Barnehage
Nordbygdvegen 70, 3570 Ål
Om jobben
- Type ansettelse
 - Vikariat, heltid 100%
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 1
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
Vikariat fram til 16.08.2026.
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske. Overgangar er eit område kommunen har arbeidd lenge med for å få til å flyte godt. Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeid med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjere ein forskjell for barna. Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar, fagarbeidarar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
Nordbygdene barnehage er ein kommunal barnehage med 36 plassar fordelt på to avdelingar. Dei fleste borna som går her kjem i frå bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Desse tre småbygdene vert til saman kalla Nordbygdene. Barnehagen har vore i drift sidan hausten 1989. Nordbygdene barnehage ligg vegg i vegg med Nordbygdene skule, og har eit tett samarbeid med skulen når det gjeld uteleikeplass, turområde, bruk av gymsal, symjebasseng og felles personalrom. Rundt omkring oss har vi ei levande bygd med gardsdrift, husdyr og flotte turområde i skogen og på fjellet. På vinteren er vi så heldige å ha fleire akebakkar og oppkøyrde skiløyper rundt barnehagen/skulen.
KvalifikasjonarDet blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som:
- Trivast i lag med barn.
 - Er utadvendt og trygg på deg sjølv.
 - Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
 - Har gode samarbeidsevner.
 - Er fleksibel og løysingsorientert.
 - Kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
 
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr- Ein barnehage med sterkt utviklande og fagleg miljø.
 - Engasjerte tilsette.
 - Stabil personalgruppe.
 - Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning, felles for heile barnehagesekoren.
 - Pensjonsordning KLP.
 - Lønn og arbeidsforhold er regulert av Hovudtariffavtala.
 
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
 - Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
 - Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
 - Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
 
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 913c5e11-171c-42ac-ba10-27af3fd20a05
- Sist endret
 4. november 2025
- Hentet fra
 visma-easycruit
- Referanse
 3560705_232941_nn
Lignende annonser
Tilkallingsvikarer for barnehagene
Arbeidsgiver
Nesbyen kommune Barnehage
Sted
Nesbyen
Arbeidsgiver
Gol kommune Gol barnehage
Sted
Gol
Arbeidsgiver
Ål kommune Torpo skule
Sted
Ål