Reinhaldar
Ål kommune Reinhald
Torget 1, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ein av dei dyktige medarbeidarane våre går no av med pensjon og me har difor ledig ei fast 100 % stilling som reinhaldar.
Avdeling reinhald består av 24 fast tilsette medarbeidarar og 10 tilkallingsvikarar.
Me utfører reinhald i alle kommunale bygg: barnehagar, skular, idrettshallen, kulturhuset, Tingstugu, Ål Helsetun m.m.
Me ynskjer at du:- har relevant arbeidserfaring som reinhaldar
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er løysingsorientert
- er ryddig, fleksibel og positiv og har vilje og evne til å bidra til kontinuerleg forbetring
- har førarkort klasse B
Me legg vekt på at du som person er eigna for oppgåvene.
Me tilbyr:- ein meiningsfylt jobb med ansvar og varierte oppgåver
- eit kompetent og triveleg arbeidsmiljø
- gunstig pensjonsordning i KLP
- arbeidsforholdet er regulert av Hovedtariffavtala
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793574
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3429357_211243_nn