Undervisningsstilling (vikariat)
Gilje skule
Giljevegen 251, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikar undervisning
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Gilje skule har ledig vikariat i 100 % stilling fram til sommerferien 2025. Me ser etter deg som er oppteken av inkluderande og trygge skulemiljø og vil vere med å leggje til rette for elevane si læring og utvikling.
Gilje skule er ein fådelt skule med rundt 75 elevar, fordelt på 7 klassar frå 1.-7 trinn. Skulen ligg midt på Bømlo, ca. 4 km sør for kommunesenteret. Skulen har fleirbrukshall, stort bibliotek og spesialrom til musikk, kunst og handverk. Elevane har eit stort og godt uteområde med leikeapparat, skogsområde, ballbinge og kunstgrasbane. Det er også mange flotte turløyper i nærleiken som skulen nyttar aktivt.
Søknadar vert vurdert fortløpande og det er ønskeleg med snarleg oppstart.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanen i faga: norsk, matte, engelsk og kroppsøving.
- Samarbeide med kollegaer og føresette.
- Delta i skulen sine aktivitetar og møte.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med pedagogisk utdanning, men anna relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk.
- IKT-kunnskapar.
Me oppfordrar personar som er under lærarutdanning til å søkja.
Personlege eigenskapar
- Du er venleg, tålmodig og omsorgsfull som person.
- Du har evne til å skape og oppretthalde gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer.
- Du jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert i di tilnærming.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor på Gilje skule, Maryann Steinsbø.
Kontaktinformasjon
Maryann Steinsbø, 992 77 987, Maryann.Steinsbo@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Giljevegen 2515430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4961989466
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 20.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931342
- Hentet fra
talentech
- Referanse
144491b8ee78471e992e7bb06edc2602