Sjukepleiar, 75% fast
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 75% fast sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 75% fast stilling som sjukepleiar, frå 01.04.2026, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Stillinga har langvakter med arbeid kvar 4. helg.
Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus, samt bonus i denne stillinga på 75 000,- ved bindingstid i to år. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt. Me har også, for tida, ekstra helgekompensasjon.Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
91050efb-b58f-4a0c-ba24-09bf0d33d613
- Sist endret
9. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10281508
Lignende annonser
Sone BBD. Tilsetjing avdelingssjukepleiar, i inntil 100% fast st.
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Dalsøyra
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Sommarvikar sjukepl.studentar 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Sommarvikarar 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik