Miljørettleiar
Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole
Skolevegen, 6480 Aukra
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. februar
Gossen barne- og ungdomsskole søker miljørettleiar i 100% fast stilling fra 1.8.2026.
Vi søker ein person som har følgjande kvalifikasjonar/eigenskapar:
- Du er utdanna sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier (anna relevant høgskoleutdanning kan og bli vurdert)
- Du er god på relasjonar og samhandling.
- Du er strukturert og har ei positiv haldning.
- Du er utviklingsorientert og løysingsorientert.
- Du har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
- Du kan kommunisere og er fleksibel.
- Du er god på å planlegge og iverksette aktivitetar.
- Du har god evne til å ta ansvar og stå i krevjande situasjonar.
- Du har fokus på læringsmiljøet på skolen.
- Du kan å bruke nynorsk som målform.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere
- Å vere med i laget rundt eleven og bidra til deira sosiale og faglege utvikling
- Arbeid med skole- og klassemiljø
- Oppfølging av elevar både på individ-, gruppe- og systemnivå
- Samhandling skole-heim
- Miljørettleiar vil arbeide i laget rundt eleven
Vi tilbyr
På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff.
- Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
90ba0548-2dc8-4c2b-a70e-261bc85e6860
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3583807_193057_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole
Sted
Aukra
Barne og ungdomsarbeidar /assistent
Arbeidsgiver
Rauma kommune Åfarnes skole
Sted
Åfarnes
Avdelingsleiar
Arbeidsgiver
Rauma kommune Åfarnes skole
Sted
Åfarnes