Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL
Type ansettelse
Åremål, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 24. juli
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitskapleg assistent på prosjekt om ikkje-manuelle markørar i teiknspråk
Velkomen som søkjar til ei mellombels 10% stilling som vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Tilsetjing i stillinga er for åremålsperioden 01.08.2025-01.08.2026, med moglegheit for forlenging. Oppstart i stillinga er 01.08.2025 eller etter avtale.
Om instituttet
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.
Om prosjektet
Prosjektet NONMANUAL studereransiktsuttrykk, kropps- og hovudbevegelsar i fem ulike teiknspråk, med bruk av store datasett, maskinsyn og avansert statistisk analyse. Prosjektet er finansiert av ERC Starting Grant til professor Vadim Kimmelman, 2023-2027.
Meir informasjon om prosjektet her: https://www.uib.no/nonmanual
Arbeidsoppgåver:
- Annotering av teiknspråkdata i norsk teiknspråk, spesielt corpusdata.
- Analyse av litteratur om relevante tema.
- Nokre praktiske/organisatoriske oppgåver.
- Andre oppgåver i prosjektet etter avtale.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Du må ha BA i lingvistikk eller anna relevant fagområde.
- Du må ha gode kunnskapar i norsk teiknspråk, helst som dagleg bruker av NTS.
- Du må ha erfaring med annotering av teiknspråkdata i ELAN.
- Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
- Du må ha interesse for datamaskinsyn og personleg motivasjon for stillinga.
Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Brutto årsløn på 525 000 kr i full stilling for dei med mastergrad (kode 1020) og brutto årsløn 465 000 kr i full stilling for dei med bachelorgrad (kode 1019). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.
Søkjaren må fylle ut det elektroniske cv-skjemaet, og søknaden må innehalda:
- Ein kort presentasjon av søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar og motivasjon for å søkje stillinga.
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.
- CV.
- Vitnemål og diplomarfrå universitet/høgskularog attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar).
- Relevante stadfestingar og attestar.
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på engelsk, norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar, professor Vadim Kimmelman på telefon: +47 90248771, eller e-post: vadim.kimmelman@uib.no eller instituttleiar Anders Fagerjord på telefon: +47 55583653, eller e-post: anders.fagerjord@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
90953ea8-3d80-44ea-8470-a8f470400665
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10257194