Sjukepleiar i heimetenesta Hornindal
Volda kommune, Heimeteneste
Sevrinhaugen 4, 6102 Volda, Urdene 9, 6763 Hornindal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar i heimetenesta Hornindal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Ambulerande heimetenester med base i Hornindal får ei ledig fast stilling 100% for autorisert sjukepleiar med kun langvakter i ein rullerande 12 vekers turnus.
Gruppe 3 har base ved Hornindal omsorgssenter og yter tenester til heimebuande. Distriktet omfattar gamle Hornindal kommune, i tillegg til Bjørke, Viddal, Leira, Kalvatn og Osdalen. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene. Heimetenesta samarbeider med Hornindal omsorgssenter. Sjukepleiar med ansvarsvakt i heimetenesta må bidra med sjukepleiaroppgåver inn på sjukeheimen i eit sjukepleieteam.Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose
Kjennskap til journalsystemet Gerica og generelt gode datakunnskaper er ein fordel
Søkjar må ha førerkort kl B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter sjukepleiar som er effektiv og løysingsorientert, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Den rette kandidaten må vere engasjert, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder. Er ein i tillegg endringsvillig og har variert praksis så er det eit pluss. Andre kriterier:God fagkompetanse og engasjement for fagleg utvikling
Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar.
Vi tilbyr
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringkurs frå Glup
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Stillingskode 717400 sjukepleiar.
Kontaktinformasjon
Jorunn Anne Tomasgard, Seksjonsleiar, 94 86 72 06, jorunn.tomasgard@volda.kommune.noAnita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Urdene 96763 Hornindal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4943358091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2896881
- Hentet fra
talentech
- Referanse
20c75793713a4784a9d5c0e75e5c4079