Hopp til innhold

Me søkjer ein fagleg sterk sjukepleiar/vernepleiar med ansvar for fagområde

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar med fagansvar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 18. september

Om stillinga

Me søkjer etter ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med ansvar for fagområde, med ønskja stillingsstorleik på 75–100 prosent. Me tilbyr både ordinær turnus og langvaktturnus.

Den enkelte medarbeidaren har i stor grad moglegheit til å velje den turnusordninga som passar best til eiga livssituasjon og eigne ønskje, så langt drifta tillèt det. Fagområdet du får ansvar for, vert tilpassa kompetansen din, også for nyutdanna.

Me er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, der me jobbar for å bli litt betre kvar dag. Pleie og omsorg er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan utvikle morgondagens helse- og omsorgstenester til det beste for dei som mottek tenester.

Omsorgssenteret er prega av eit godt arbeidsmiljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre. Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehusa blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar.

Me tek godt imot nytilsette, og du vil få god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god start. Me er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar.

  • Vestbakken: lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering.
  • Utsikten: somatisk avdeling og demensgruppe.
  • Sørbakken: demensavdeling.

Ved alle avdelingane er det per i dag langtidsplassar. Sjå gjerne Instagram-kontoen vår, #SveioOmsorgssenter, for flotte bilete frå kvardagen hjå oss.


Arbeidsoppgåver

  • Medisinfaglege oppgåver og ansvar i tråd med kompetanse 
  • Ansvar for fagleg utvikling innafor eige fagområde
  • Koordinering og oppfølgning av faglege prosessar og aktivitar, knytt til ditt fagområde
  • Tverravdelings samarbeid for å styrke heilskapleg kvalitet
  • Samarbeid med pårørande, lege og spesialisthelsetenesta 
  • Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling 
  • Pådrivar for at brukarar opplever tryggleik og meistring

Kvalifikasjoner

  • Autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar
  • 3. års studentar oppmodast til å søkje
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Erfaring frå sjukeheim er ønskjeleg
  • Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er fleksibel, nysgjerrig og orientert mot løysingar
  • Er fagleg interessert og held deg oppdatert
  • Er trygg i rolla og møter utfordringar med ro og profesjonalitet
  • Arbeider sjølvstendig, men er og ein sterk lagspelar
  • Kan strukturere og prioritere i en variert kvardag
  • Ser verdien av tverrfagleg samarbeid
  • Har gode haldningar og set brukar i sentrum
  • Kommuniserer godt, både med kollegaer, brukarar og pårørende
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar

Me tilbyr

  • Moglegheit til å velje mellom ordinærturnus og langvaktsturnus, så langt drifta tillet dette
  • Fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar 75 - 100% stilling, etter avtale
  • Funksjonstillegg knytt til fagområde
  • En lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid 
  • Moglegheit for vidareutdanning 
  • Faste fagmøter for sjukepleiarar / vernepleiarar 
  • Godt arbeidsmiljø med fokus på nærvær og fagleg kvalitet 
  • Gode moglegheiter for utvikling - både fagleg og personleg 
  • Faste sosiale arrangement
  • Løn etter gjeldande tariffavtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktpersoner for stillingen

Anne Kristin Brurberg Olsen

Avdelingsleder, Sveio omsorgssenter

+4748480864

Anne.Kristin.B.Olsen@sveio.kommune.no

Camilla Selbak

Einingsleiar Pleie- og omsorg

+4795154037

camilla.selbak@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

907d79aa-d06e-490f-a3a0-2a3327bd3312

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306603

Lignende annonser

Laster lignende annonser