Hopp til innhold

Tilkallingsvikar Habilitering

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 27. november

Om stillinga

Eining for habilitering har tre bueiningar som gir helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming. To ligg sentralt i Sveio sentrum, og ei ligg ved Straumøy gard. For tida gir me tenester til 15 bebuarar med varierande grad av hjelpebehov, der nokon treng meir hjelp enn andre.

Me har til tider stort behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag, kveld eller natt, både på kvardagar og i helger. Standard vakter varer vanlegvis frå 7 til 14 timar, og me tilpassar tidspunkta etter behov. På ei av avdelingane har me òg døgnvakter.

Alle bebuarane får tett oppfølging. Så langt det er mogleg, prøver me å la same personal følgje bebuarane gjennom dagen. Det gir ein meir føreseieleg kvardag. Me følgjer bebuarane til aktivitetshuset på kvardagar og ellers til andre aktivitetar dei ønskjer å delta på.

Me behandlar søknader fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene varierer ut frå behova til bebuaren du jobbar hos. Du hjelper til med dagleglivets gjeremål som den einskilde bebuaren ikkje kan utføre på eigenhand. Døme på daglege oppgåver er:

  • hjelpe med stell og personleg pleie
  • følgje bebuarar på ærend og aktivitetar i aktivt samspell
  • motivere og aktivisere bebuarar i dagleg samhandling
  • gjere huslege oppgåver, som reinhald og matlaging
  • køyre bebuarar til ærend og aktivitetar
  • ha dialog med pårørande og eventuelle instansar
  • føre journal

Kvalifikasjonar

  • autorisert helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning på fagarbeidar- eller høgskulenivå
  • personar som er under utdanning innan helsefag, kan òg søkje
  • personlege eigenskapar blir lagde vekt på
  • ufaglærte kan bli vurderte som tilkallingsvikarar, men må rekne med å ta aktuelle digitale kurs som arbeidsgivaren tilbyr
  • norsk er arbeidsspråket i Sveio kommune
  • du snakkar, les og skriv norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • førarkort klasse B for bil med manuelt gir
  • tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som: 

  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • liker å jobbe systematisk for å nå måla som er sette
  • har gode haldningar og tek omsyn til behova og ønskja til bebuarane
  • er interessert i faget og ønskjer å utvikle deg fagleg
  • motiverer og støttar bebuarane til å meistre mest mogleg sjølve
  • liker å samarbeide med kollegaer og dele erfaringar som bidreg til fagleg utvikling i avdelinga

Vi tilbyr

  • moglegheit til å jobbe på fleire avdelingar, tilpassa kvardagen din
  • faste tilkallingsvikarar blir prioriterte til full jobb om sommaren dersom dei ønskjer det
  • moglegheit for ulike vikariat i turnus ved lengre fråvær, til dømes fødselspermisjon
  • opplæring i helse- og omsorgstenestelova og MESA-kurs på arbeidsplassen
  • eit utfordrande og lærerikt arbeid saman med engasjerte og fagleg kompetente kollegaer
  • eit fagmiljø i utvikling som du får vere med og påverke og utvikle
  • løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktpersoner for stillingen

Linn Synnøve Vågeng

Avdelingsleiar Åsvegen bueining og aktivitetshus

+4794814106

linn.synnove.vageng@sveio.kommune.no

Peer Cato Sjursen

avdelingsleiar Stemhaugen og Straumøy gard

+4794164806

Peer.Cato.Sjursen@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9c6f4869-85af-4d89-a023-5ab9c2141206

Sist endret

27. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10317438

Lignende annonser

Laster lignende annonser