Hopp til innhold

Pedagogisk leiar i barnehagen

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar i barnehagen
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. november

Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Øystre Slidre kommune søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.

Rogne barnehage har 110 plassar. Visjonen til barnehagen er "for barna". Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.

Beito barnehage har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. 

Øystre Slidre kommune har fokus på trygt og godt barnehage og skulemiljø og er i avsluttande fase i Læringsmiljøprosjekt. Dette er eit prosjekt i samarbeid med læringsmiljøsenteret og UDIR, der arbeid både er på individ, gruppe og system. 

Det er no ledig følgjande stillingar;

Beito barnehage:
100% vikariat frå 1.1.2027 til 10.08.2027

Rogne barnehage: 
100% vikariat frå d.d. til 16.03.2027
50% mellombels tilsetjing frå d.d. til 10.08.2027

 

Eventuelt andre stillingar stillingar som kan bli ledige 

Barnehagane har også behov for tilkallingsvikarar.

 


Arbeidsoppgåver

  • Legge tilrette for gode lærings- og oppvekstvilkår for barn
  • Delta i det daglege arbeidet med å skape eit trygt og utviklande miljø for enkelt barn og barnegruppa
  • Delta aktivt i leik og daglege aktivitetar med barna
  • Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga, eller i barnehagen, og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
  • Samarbeide med og rettleie kollegaer
  • Ansvar for å legge tilrette for eit tett foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Søkjarar under utdanning, eller med annan relevant utdanning, kan bli vurdert om det ikkje er søkjarar med barnehageutdanning 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
  • Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
  • Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
  • Evne til å bruke seg sjølv i ein til tider hektisk kvardag
  • Ha humor og glede og vere påliteleg
  • Evne til å takle det upårekna og evne til å improvisere ein del, sidan det kan oppstå situasjonar der det ikkje finns eit fasitsvar
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Telefongodgjøring
  • Arbeidstøy
  • Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
  • Lønn etter tariff

Kontaktinformasjon

Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, 99500955
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar Rogne barnehage, +47 95733837

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5197456702
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar, Engasjement
Søknadsfrist: 11.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Anne-Kari Gjerdalen

Styrar Rogne barnehage

+47 95733837

Dagny Viola Björklöf

Styrar Beito barnehage

99500955

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

906d4bca-8d64-47fe-b71e-cc4559d2d48f

Sist endret

29. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e8d997d0f3ba48f49c04c799e5bb9b26

Lignende annonser

Laster lignende annonser