Er du serviceinnstilt, glad i mat og ønskjer ei fast stilling? Sjå her då vel!
Skei servicenter AS
6843 Skei i Jølster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Lat oss seie det med ein gong: Circle K er slett ikkje jobben for alle -- men den passar for mange. Og dei som jobbar her, elskar det!
I tida har vi sett kollegaer kome og gå. Dei som vel å gje seg, seier ofte at jobben var for kompleks, eller at arbeidslista var for lang. Dei som held ut, har til felles at dei toler tempoet -- og at dei likar kjensla av å ha gjort ein skikkeleg god jobb.
No treng vi ein kjekk kollega og lagspelar som:
-
Blir motivert av å gi topp service til alle som vitjar stasjonen
-
Held hovudet kaldt når køene er lange, kaffimaskina er tom og vaskemaskina har stoppa
-
Ikkje spring på do når pallane med spylevæske skal berast og klargjerast for sal, men brettar opp ermene og tek det som ei økt
-
Er interessert i mat og likar å steikje den beste burgeren i mils omkrins
-
Stiller opp på kort varsel viss nokon er sjuke, eller ved behov (og forventar det same av andre)
-
Forstår at ein må vaske toalett og golv -- sjølv om det kanskje ikkje er favorittoppgåva
-
Er glad i folk, og tek ansvar for å halde stasjonsområdet like ryddig ute som inne
-
Ønskjer å gjere ein innsats for eit grønare og meir berekraftig samfunn langs vegen
For oss som jobbar på Circle K, er det dei færraste som planlegg ein karriere her. Men det er faktisk mogleg! Og for deg som vil bli filmregissør, lærar eller jurist, er Circle K ein fantastisk plass å byggje CV og få erfaring som er gull verdt vidare i arbeidslivet.
Høyrest dette interessant ut? Då foreslår vi at du tek kontakt med ein gong!
Vi kan tilby god opplæring, spennande utfordringar, hektisk men kjekt arbeidsmiljø og konkeransedyktig lønn
Du treng ikkje vere over 18 år for å søkje denne stillinga. Arbeidet inneber turnus og veksler mellom kveld,dag og helg.
for meir informasjon om stillingen ta kontakt med Malene Fugle på malene@skeiservicenter.no eller telefon nr:99090098
Om bedriften
Litt om oss Circle k Skei (Skei Servicenter) er eit naturlig stoppestad langs vegen om du enten kun vil ha ein liten matbit eller sette deg ned å få deg ein god middag. Vi har hytte overnatting, møtelokale, døgnvile, bussstasjon, ladestasjon og drivstoff anlegg.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
90618b68-c117-4c81-a324-87a9982a7b86
- Hentet fra
FINN
- Referanse
420259102