Seniorrådgjevar Brann og sikkerheit - Bli med og planlegg morgondagens bygg
Nordplan AS
Eit av våre avdelingskontor, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Vil du jobbe i eit dynamisk og tverrfagleg miljø, og samtidig ha friheita til å velje kvar du skal bu? Då kan Nordplan vere arbeidsplassen for deg! Vi nærmar oss 100 tilsette, og no treng vi to til tre erfarne branningeniørar med på laget for å utvikle morgondagens løysingar saman med oss.
- Stillingstittel
- Seniorrådgjevar Brann og sikkerheit
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Hva vi ser etter
Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du kommuniserer godt med kollegaer og kundar, og du ønsker å formidle eigen kunnskap. Vi ser etter personar som vil vere med å utvikle ei større RIBr-gruppe i eit miljø som omfattar nærmare 20 bygningsteknikarar, i nært samarbeid med ca. 20 arkitektar og ca. 10 energi- og miljørådgjevarar.
Du er branningeniør med nokre års erfaring i faget. Du er fagleg sterk, sjølvgåande og har inngåande og oppdatert kjennskap til lover, forskrifter og standardar. Du evnar å ta avgjerder og arbeide effektivt og strukturert på eiga hand, men set pris på å ta del i og bidra i eit tverrfagleg og triveleg fagmiljø.
Stillinga krev god kompetanse innan prosjektarbeid av brannstrategiar. Primært vil arbeidsoppgåvene vere utarbeiding av brannsikkerheitstrategi, altså brannkonsept, for både nybygg og eksisterande bygningar. Dette omfattar også god kjennskap til fråviksdokumentasjon. I tillegg ser vi at brannteknisk tilstandsvurderingar blir meir ein del av arbeidsdagen. God kjennskap til tidlegare byggeforskrifter er nødvendig. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor, og du får stor påverknad på både prosess og ferdige prosjekt. Nordplan gir store utviklingsmoglegheiter for medarbeidarar som ynskjer og evner.
Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
-
Minimum 5 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule
-
Minimum 5 år erfaring
-
Erfaring i bruk av Revit
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gjerne engelsk
Fagleg blir du ein del av seksjonen for <<Arkitektur, Konstruksjon og Byggeteknikk>> i selskapet. Desse stillingane kan vere tilknytt eitt av våre mange kontor.
Sjekk stillingsannonsa her:
Seniorrådgjevar brann og sikkerheit - Nordplan
Arbeidsoppgaver
-
Generell oppdragsleiing og brannfaglig rådgjevning
-
Kan også omfatte fagansvar
-
Risikoanalysar, simuleringsoppgåver, brannprosjektering, tilstandsvurderingar, beredskapsanalysar, oppfølging på byggeplass, etc.
-
Utarbeiding av brannsikkerheitstrategi/brannkonsept for både nybygg og eksisterande bygningar.
-
Dokumentere fråvik
-
Gjennomføre brannteknisk tilstandsvurderingar, samt ha god kjennskap til regelverket og tidlegare byggeforskrifter er nødvendig.
Vi tilbyr
-
Arbeidstid som er balansert og tilpassa prosjektmål og privatsituasjon.
-
Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det. Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor slik at vi får ha det sosialt saman òg. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Oslo, Bergen og Reykjavik.
-
Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med spennande og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om her.
-
Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling -- spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke kollegaer rundt deg.
-
Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
-
Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet. Lokalt ved dei ulike kontora våre støttar vi ulike lag og aktivitetar.
Om bedriften
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side. Dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeid og ekte engasjementet som oppstår når flinke folk jobbar saman.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å sette små spor som varer, og som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare. For vi skal vere med å forme ei framtid som vi skal vere stolte av.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
905237a2-bae6-407c-a637-6f9ff2babb10
- Sist endret
13. oktober 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
905237a2-bae6-407c-a637-6f9ff2babb10
Lignende annonser
Anleggsleder bygg og anlegg
Arbeidsgiver
HS
Sted
Møre og Romsdal, Vestland
Formann (tømrer)
Arbeidsgiver
HS
Sted
Stryn, Møre og Romsdal, Vestland, Hareid, Sunnfjord, Ålesund
Prosjektleder
Arbeidsgiver
HS Bygg AS
Sted
Stryn, Møre og Romsdal, Vestland, Hareid, Sunnfjord, Ålesund
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Safe24 Da
Sted
Bergen, Bergen, Vestland