Ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. mai
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wStipendiat
Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Ph.d.-studiet vil ta for seg omdanning av Atlanterhavsvatn i Norskehavet og Framstredet. Her strøymer varmt og salt vatn nordover, medan delar av vatnet resirkulerer i eit komplekst straumsystem styrt av ulike fysiske kontrollmekanismar og prosessar.
Kandidaten vil undersøkje prosessar på skala frå mesoskala virvlar til småskala turbulens og blanding. Dette inkluderer ustabilitetar i randstraumar, utveksling og neddykking på tvers av frontar, responsar på atmosfærisk og tidevasspåverknad, og interne bølgjer. Forskinga vil basera seg på målingar frå skip, undervassglidarar og botnforankra instrumentering.
Dei siste fem åra er ei stor mengd observasjonar blitt samla frå glidarar, skip og botnforankra instrument, med ei geografisk utstrekning og på stader som er relevante for forskinga. Nytt feltarbeid vil bli samordna med pågåande og planlagde prosjekt. Kandidaten vil kunne bidra til planlegging og utforming av feltarbeid, samt å leia analysen av eksisterande data, i tett samarbeid med ph.d.-rettleiar, professor Ilker Fer. Kandidaten vil få opplæring som glidarpilot og er venta å delta aktivt i glidarundersøkingar som del av NorGliders (https://norgliders.gfi.uib.no).
Ph.D.-studenten vil ha sin hovudarbeidsplass ved Universitetet i Bergen. Det er planlagt internasjonalt samarbeid, spesielt med Scripps Institution of Oceanography og Woods Hole Oceanographic Institution i USA, og Mediterranean Institute of Oceanography i Frankrike. Det er forventa at kandidaten tek aktivt del i internasjonalt samarbeid ved å delta på internasjonale arbeidsmøter og konferansar og er villig til å utføre feltarbeid til sjøs.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvend matematikk eller liknande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- God forståing av dei fysiske prosessane i havet er eit krav.
- Erfaring med fysiske prosessar på høge breiddegrader er ein fordel.
- Erfaring med tokt og feltarbeid er ein fordel.
- Erfaring med vitskapleg programmering (Matlab, Python, osb.) inkludert analyse av simuleringar og observasjonar er ein fordel.
- Erfaring med undervassglidarar er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning,) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500,- Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjoner
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Ilker Fer, Geofysisk institutt, e-post: ilker.fer@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, e-post: maria.svasand@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig