Hopp til innhold

Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Suldal kommune Erfjord skule

Sted

Erfjordvegen 16, 4233 Erfjord

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 24. august

Me søkjer etter deg som vil vera med på laget vårt. Erfjord skule er ein 1-7.skule med 76 elevar skuleåret 2026/2027.

80% vikariat frå snarast til 31.12.26 med mogleigheit til forlenging

Kvalifikasjonar: 
  • Fagbrev i barne-og ungdomsarbeid 

Me søkjer deg som: 

  • Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn. 
  • Er fleksibel 
  • Er deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg. 
  • Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn. 
  • Bidreg til eit positivt læringsmiljø 
  • Tilstadeverande. 
  • Fagleg interessert. 

I tillegg ønskjer me at du har: 

  • Eit positivt menneskesyn. 
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar. 
  • Gode norskkunnskapar. 
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine 
  • Evne til å jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din. 
  • Erfaring frå arbeid i barnehage-/ skule 

Hos oss i Suldal kommune får du 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Engasjerte og dyktige kollegaer 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Bedriftshelseteneste 
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk 
  • Nynorsk som administrasjonsspråk 

Andre opplysningar: 

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju 
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan  
  • ikkje vere eldreenn tre månadar 
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa 
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

Slik søkjer du 

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. 
  • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. 
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. 

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Aina Vaage

+47 45201277

aina.vaage@suldal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

902d49de-ada6-4712-b161-6f15013f9dee

Sist endret

10. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3652333_203729_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser