Mekanikar eller teknikar på jakt etter nye utfordringar? Då vil Frydenbø Bil i Stryn gjerne høyre frå deg!
Frydenbø Bil ASV AS
Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Mekanikar eller teknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Hos Frydenbø Bil i Stryn har vi ei spennande stilling for ein dyktig mekanikar eller teknikar som ønskjer å jobbe med nokre av verdas mest kjende bilmerke. Vi er stolte forhandlarar og merkeverkstad for Volkswagen, VW Nyttekøyretøy, Audi og Skoda -- merkevarer som er kjende for innovativ teknologi og høg kvalitet.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid og trivsel står i fokus. Verkstaden vår er godt utstyrt med det nyaste innan teknologi og verktøy, slik at du får dei beste føresetnadene for å levere arbeid av høg kvalitet og utvikle deg vidare i faget.
Vi set verdiane entusiastisk, ærleg og ansvarleg høgt, og desse pregar kvardagen vår og korleis vi samarbeider og møter kundane våre. Som tilsett i Frydenbø Bil i Stryn får du tilgang til Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan bilfaget.
Arbeidsoppgåver vil vere:- Service og vedlikehald
- Feilsøking og diagnose
- Reparasjonar og mekanisk arbeid
- PKK
- Montering av ekstrautstyr
- Har fagbrev som bilmekanikar
- Synes teknologi og nyvinningar innan bilbransjen er spennande
- Er nøyaktig, effektiv og løysingsorientert
- Likar å samarbeide og trivst med varierte oppgåver
- Set kundane i fokus og ønskjer å levere førsteklasses service
- Er positiv og imøtekomande
- Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Gode utviklingsmoglegheiter innan ny og spennande teknologi
- Konkurransedyktige betingelsar og gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
- Støtte til trening og rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet
- Tilgang til leilegheiter og hytter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca
Hos Frydenbø Bil i Stryn blir du ein del av eit solid selskap med spennande utviklingsmoglegheiter og gode kollegaer.
Kunne dette vere ein interessant jobb for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med servicemarknadssjef Reidar Hunvik på telefon 99205022 eller e-post Reidar.Hunvik@moller.no
Søknadsfrist: 01.04.2025Om bedriften
Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.
Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2023 for NOK 4,4 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen.I tillegg er vi deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,4 mrd. i 2023.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.
Sektor
Privat
Nettsted