Seksjonsleiar for ny, forsterka sengepost
Divisjon psykisk helsevern/ Forsterka rehabilitering/ Forsterka utgreiing og rehabilitering, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar for ny, forsterka sengepost
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Psykiatrisk klinikk og Klinikk sikkerheitspsykiatri samarbeider om å etablere ein ny sengepost ved Sandviken sjukehus, med planlagd oppstart i 2025/2026. Vi er no i ein spennande oppstartsfase og søkjer ein engasjert og dyktig seksjonsleiar som vil spele ei sentral rolle i utviklinga av tilbodet.
Om stillinga
Som seksjonsleiar får du vere med frå starten og bidra til å forme innhald, struktur og drift av ein heilt ny sengepost. Du vil ha eit overordna ansvar for fag, drift, økonomi og personal, og leie eit tverrfagleg team på om lag 35 årsverk. Du vil også delta i rekrutteringa av assisterande seksjonsleiar og vere ein del av leiargruppa. Inntil det organisatoriske rammeverket er på plass, rapporterer du til konstituert avdelingssjef.
Den nye sengeposten vil ha 8 senger og tilby eit heilskapleg behandlingstilbod til pasientar med alvorleg psykisk liding, ofte i kombinasjon med rusproblematikk og valdshistorikk. Behandlinga vil ha fokus på utgreiing, stabilisering, behandling og rehabilitering, med forventa innleggingstid på 2–6 månader.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for fag, drift, økonomi og personal
- Arbeidstidsplanlegging og bemanning
- Sikre høg kvalitet og pasienttryggleik i behandlingstilbodet
- Samhandling internt og eksternt
- Følgje gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Kompetanseutvikling og opplæring av tilsette
- Iverksetting av, og oppfølging av rutinar og prosedyrar
- Strategisk planlegging og utviklingsarbeid
- Fremje eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus
- Leiarerfaring og erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
- Vidareutdanning innan leiing er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid i offentlege tenester er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivere, inspirere og leie andre
- Løysingsorientert, fleksibel og relasjonssterk
- Strukturert og beslutningsdyktig
- Endringsorientert og trygg i krevjande situasjonar
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit framtidsretta prosjekt
- Moglegheit til å påverke og forme eit nytt behandlingstilbod
- Eit tverrfagleg og kompetent arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marthe Halvorsen Kjærstad, Konstituert avdelingsleiar, 90936016, marthe.halvorsen.kjærstad@helse-bergen.noSusanne Karlsen, Ass. avdelingsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4980097545
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Marthe Halvorsen Kjærstad
Konstituert avdelingsleiar
90936016
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8fe03a0d-f8f9-4867-bdbc-02d0ac8520a7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee2538085a404b42881240c4134020b1