ID 1992 Rådgjevar økonomi - Økonomi og rekneskap
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Økonomirådgjevar, økonomiarbeider, økonomikonsulent, økonomi
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Økonomi- og rekneskap er ein støtte/stabsfunksjon i kommunen. Eininga skal bidra til at organisasjonen har gode rutinar for å styre økonomien etter rammer gjeven av sentrale og lokale mynde. Arbeidet er variert og interessant.
Det er ledig fast 100% stilling som Rådgjevar økonomi. Oppgåver:- Budsjettarbeid i samarbeid med einingsleiarar og kommunalsjef
- Månadleg rapportering av rekneskap mot budsjett
- Oppfølging av løpande rekneskapsføring
- Oppfølginga av endringar og rammer frå sentrale mynde
- Stillinga er ein del av økonomigruppa og rapporterer til økonomisjef, oppgåvene kan endre seg etter behov
- Økonomiutdanning på minimum bachelor nivå
- Utdanning på masternivå er eit ønskje
- Fag innan helseøkonomi er ein fordel
- Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
- Systematisk
- Analytisk
- Evne til å sjå samanhengar
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i vekst og utvikling
- Positive og dyktige medarbeidarar
- Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål til stillinga kan rettast til: Økonomisjef Marianne Heggholmen Aarbø, 952 50 205
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2276759
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8fdceaf6-7486-42fb-afb9-a6899819fd4b