Rettleiar i NAV Nordfjord
NAV Nordfjord, Stad kommune
6723 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. mai
Er du ein person som er god på å finne ressursar hos kvart enkelt menneske? Då kan stillinga som rettleiar ved Nav Nordfjord vere noko for deg!
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert og dyktig rettleiar til avdelinga "arbeid og helse" med oppstart 01.09.2025.
Som rettleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av sjukmelde og personar på arbeidsavklaringspengar. Du vil også ha tett kontakt med arbeidsgjevarar i regionen for å sikre ein god dialog og eit godt samarbeid mellom partane. Du vil bli en del av eit kompetent fagmiljø.
Hos oss vil du oppleve spennande og variert arbeid, der ingen dag er lik. Vi er kjende for å møte nye utfordringar med optimisme og pågangsmot.
Bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for mennesker kvar einaste dag!
NAV Nordfjord er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn.
Vi leverer kommunale og statlege NAV-tenester til innbyggjarane og verksemdene i alle dei 4 kommunane, og har 44 tilsette fordelte på 4 lokasjonar.
Stillinga har arbeids- og oppmøtestad i Svelgen.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp brukarar som er sjukmelde og mottakarar av arbeidsavklaringspengar
- Tett kontakt med brukarar for å rettleia og motivera på vegen tilbake til arbeid
- Kartlegge og avklare brukarar si arbeidsevna, ressursar og moglegheiter for arbeid
- Skape dialog og samhandling med arbeidsgivarar, fastlege og andre samarbeidspartar for å hjelpe tilbake til arbeid
Kvalifikasjonar
Krav- Relevant 3-årig utdanning på høgskulenivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Gode digitale ferdigheiter og interesser for å ta i bruk nye IT verktøy
- Erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar
- Kjennskap og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
- Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
Personlege eigenskapar
- Du liker å jobbe med menneske og har eit genuint ønske om å hjelpe andre
- Du har engasjement og evne til å motivere folk tilbake i arbeid
- Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ser fram til å få søknaden din!
Kontaktinformasjon
Monica Osvold, Regionleiar NAV Nordfjord, 900 95 171, monica.osvold@nav.noKari Tonning, Avdelingsleiar Arbeid og Helse, 452 33 070, kari.tonning@nav.no
Arbeidsstad
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4960995788
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2926922
- Hentet fra
talentech
- Referanse
178f49da95144acba717cd455b63c16e