Hopp til innhold

Rettleiar

Arbeidsgiver

Bergen sentrum, Nav

Sted

Møllendalsveien 8, 5009 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Vil du bidra til at personar med sjukdom eller nedsatt arbeidsevne kjem seg i arbeid? Trur du at dei fleste, sjølv med fysiske eller psykiske utfordringar, kan stå i ordinært arbeid? Ønskjer du å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag? Då kan dette vere jobben for deg!

Vi har no ledig ei fast stilling ved avdeling Oppfølging ung på Nav Bergen sentrum. 

Her får du jobbe med oppfølging av unge brukarar og vere ein viktig del av eit kontor som har høge ambisjonar for kvalitet og resultat. Vi jobbar etter prinsippet om kontinuerleg forbetring for å gje brukarane våre best mogleg støtte og nye moglegheiter. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre  skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal  fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.

Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og er bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Vi er til saman 300 tilsette, 150 er statleg tilsette.  


Kva går jobben ut på? 

  • Kartlegge og motivere for arbeid og aktivitet
  • Følge opp og rettleie gjennom samtaler og samarbeidsmøte
  • Ha digital kommunikasjon med brukar
  • Sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltningslova
  • Sjå brukar sin kompetanse og korleis brukar kan kome raskt i jobb
  • Ha tett dialog med arbeidsgivarar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar

Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

  • Utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • Vera flink til å bruke digitale verktøy i arbeidet, og ha kjennskap til Office365
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det er ønskjeleg at du: 

  • Har erfaring frå arbeid med å motivere og skape endring hjå ungdom
  • Har rettleiingserfaring knytta til å avklare brukars behov eller i å bistå brukarar i prosessen mot ny jobb
  • Har erfaring frå å jobbe i samarbeid med andre, til dømes gjennom nettverk

Kva ser vi etter hos deg?

  • Skapar trygge og gode relasjonar
  • Motiverer andre til endring
  • Strukturert, men fleksibel når kvardagen krev det
  • Løysingsorientert og tek initiativ

Kvifor velje oss

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
  • Statleg tilsetting i stillingskode 1434 Rådgiver med lønsspenn frå kr. 622 000,- til kr. 660 000,- per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast. 
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Marius Hilton, Avdelingsleder, 45837024, marius.h.hilton@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5064261408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.01.2026

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8fa82ba3-b596-497b-b537-72fb590cc0c8

Sist endret

29. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ca4261913834474aaefd5a0c45854f1d

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Enhet for vurdering og oppfølging psykisk helse barn og unge, Bergen kommune

Sted

Bergen